Overvektige barn et færre måltid
Barn som et tre eller fleire måltid om dagen, er mindre overvektige enn dei som et eitt eller to måltid.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er ein av konklusjonane i ein ny doktorgradsavhandling.
Universitetslektor Frøydis Nordgård Vik ved Universitetet i Agder har analysert data om meir enn 10.000 europeiske barn og funne fleire samanhengar mellom måltidsrutinar og overvekt. Det er tidlegare påvist ein samanheng mellom frukosteting og normalvekt, og Nordgård Vik fann fleire samanhengar:
– Dei som åt frukost og middag var mindre overvektige enn dei som hoppa over desse måltida. Og dei som åt både frukost, lunsj og middag var mindre overvektige enn dei som åt eitt eller to måltid, seier ho til NTB.
Forskaren fann også ein samanheng mellom TV-titting og overvekt: Dei som ser på TV medan dei et, er meir overvektige enn dei som aldri ser på TV under måltida. (©NPK)