Gir opp saltkraftverk
Statkraft har gitt opp planane om å byggje det som skulle bli det første saltkraftverket i verda på Sunndalsøra. Marknadsutsiktene er for vanskelege, meiner selskapet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Statkraft har dei siste fire åra prøvd å vinne ut saltkraft i liten skala på Tofte i Østfold, og i vår fekk dei klarsignal frå Noregs vassdrags og energidirektorat (NVE) til å byggje eit pilotanlegg for saltkraftproduksjon på Sunndalsøra i Møre og Romsdal. Men det blir det altså ikkje noko av.
– Det er vanskeleg å sjå at dette kjem til å bli konkurransedyktig i marknadene våre, seier avdelingsleiar Stein Erik Skihagen i Statkraft til Teknisk ukeblad.
Selskapet har investert rundt 200 millionar kroner i prosjektet. I tillegg har Forskingsrådet, EU, Skattefunn, Enova og Innovasjon Noreg støtta utviklinga med til saman 60 millionar.
Saltkraft går ut på å utnytte energien som blir frigjort når saltvatn møter ferskvatn, såkalla osmose. Det norske prosjektet har vore banebrytande, men no overlèt dei til andre å føre ideane vidare. (©NPK)
LES OGSÅ: Satsar på kraft av flo og fjære
Faktaboks
Les meir om osmose på Wikipedia!
Les meir om saltkraft på Statkraft sine nettsider!