Stadig fleire seier det er greitt å betale for å lese artiklar på nettavisene, fastslår mediekonsernet Amedia. Motviljen mot betaling er likevel langt større enn viljen.

NPK-NTB
NPK-NTB

Undersøkinga blant lesarar av dei 78 lokalavisene til Amedia viser at betalingsviljen på nett aukar sakte, men sikkert, for kvart år, skriv Klassekampen.

21 prosent svarer no at dei i svært stor grad eller i ganske stor grad synest dette er rimeleg. 24 prosent meiner verken eller.

Samtidig svarer 15 prosent at dei i ganske lita grad vil betale for nettinnhald, medan heile 38 prosent seier nei takk. Dette er færre enn før, ifølgje avisa.

– Det er vanskeleg å måle om folk har lyst til å betale for noko som før var gratis, kven seier ja til det? Så det er problematisk dette med betalingsvilje, men vi ser ei gliding i positiv retning. Eg vil kalle det dønningar i sirup, for haldningane endrar seg sjølvsagt ikkje over natta, seier analysesjef Anne Jacobsen i Amedia. (©NPK)

Kva synest du om innføring av betaling på nettaviser?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE