Her er dei nominerte til årets Gullbarbie. PRESS spør kven som fekk ungdom til å føla seg verst i 2013.

mm
Faktaboks

Om PRESS – Redd Borna Ungdom
PRESS – Redd Borna Ungdom er ungdomsorganisasjonen til Redd Borna. Partipolitisk og religiøst uavhengig, og består av ungdom mellom 13 og 25 år.

LES FAKTALUKK FAKTA

Årets Gullbarbie er konkurransen der ungdom stemmer fram den reklamen- eller medieaktøren dei meiner har stått for mest kroppspress, sexpress, eller gammaldagse kjønnsroller i løpet av året som gjekk.

PRESS har nominert tre kandidatar frå medie- og reklameverda, og inviterer born og unge til å stemma på den dei meiner er årets versting:

H&M
"Hennar og Mauritz er ein av dei største reklameaktørene som finst. Når dei lanserer ein ny kolleksjon blir heile byar tapetsert med reklameplakatar, og ein ser dei på nesten alle internettsider. Juryen til PRESS meiner det er Problemet med H&M er at dei òg fremjar eit veldig einsidig skjønnheitsideal. Ved berre å bruka modellar som er fine på same måte, fortel dei oss at det berre finst éin måte å vera fin på. I tillegg er modellane som blir brukt i reklamane kraftig retusjert.

Det er eit problem når H&M har eit utsjånadsideal som ikkje eingong deira eigne modellar når opp til. Difor er dei for fjerde gongen nominert til Gullbarbie."

LES OGSÅ: Du tenkjer deg tjukk

Russedress
"Alle som gjer seg ferdig med vidaregåande kan bli russ, men no er det tydelegvis ikkje mogleg å bli det utan først å bli fortalt at russetida handlar om sex og fyll. Marknadsføringa til Russedress rettar seg mot elevar på vidaregåande skular, og startar lenge før russetida. Russedress har vorte kritisert fleire gonger i løpet av 2013. Dei vart nøydde til å trekkja ein reklameplakat med bilde av ei kvinne som var naken under ein parkas, og dei vart òg kraftig kritisert då dei i den første katalogen sin for 2013 hadde eit strykemerke som bar teksta «Rohypnol – getting men laid, since for ever». Eit strykemerke som dei òg har vald å trekkja.

Hovudproblemet med Russedress er likevel at dei vel å fremja alle produkta sine med modellar som ser ut som Barbie og Ken, med seksualiserte reklamar og kjønnsroller som høyrer fortida til. Difor er Russedress nominert til Årets Gullbarbie."

LES OGSÅ: 11-åringar ber om hjelp for å takle spiseforstyrringar

Björn Borg
"Flygande over svenskegrensa kjem Björn Borgs sex-bombar av nokre modellar for å gjera kvardagen din meir sexy med undertøyet sitt. Merket, som har utgangspunkt i den svensken tennisstjerna, har gjort det til kjenneteiknet sitt at dei bruker sex og humor for å selja kleda sine. Björn Borg er nominert til Gullbarbie for kampanjen sin «Weapons of mass seduction». I tillegg til denne kampanjen, som var svært synleg i Oslos bybilete då han vart lansert, har Björn Borg spelt vidare på sex-humoren på heimesida si med «The Big Dicktionary», som lagar seksuelle ord av vanlege uttrykk.

Me meiner Björn Borgs overdrivne bruk av seksualisert reklame er problematisk, sjølv om han gøymer seg bak mykje ironi og humor. Dette meiner me spesielt sidan Björn Borg er eit særleg populært merke blant ei veldig ung målgruppe, gjerne ungdomsskuleelevar. Difor er Björn Borg nominert til Årets Gullbarbie for andre gongen."

LES OGSÅ: – TV2 sviktar ungdommen

Ungdom slår tilbake
– Årets Gullbarbie er ein kanal for ungdom til å stå opp mot presset frå reklame- og mediebransjen, seier leiar i PRESS Andrea Sjøvoll i ei pressemelding.

– Me har vald fire kandidatar som alle representerer det usunne sex- og skjønnheitspresset ungdom blir utsett for i dag, fortset ho.

– Reklamebransjen skaper eit ideal som det i praksis er umogleg å nå opp til. Allereie tynne og fine modellar blir gjort endå tynnare og endå meir feilfrie i Photoshop. Reklame speler på sex nesten uansett kva som blir selt. Når vi heile tida blir fortalt at det berre finst éin måte å vere fin og sexy på, fører det til at alle som fell utanfor malen indirekte blir definert som feil, seier Andrea Sjøvoll.

– Den kjensla er det mange unge i Noreg som kjenner på, og ungdomar sine dårlege sjølvbilde betyr pengar i kassa for industrien som sel oss skjønnheitsprodukt. Den same industrien som fekk oss til å føle oss dårlege i utgangspunktet, fortset ho.

– Det er skikkeleg urettferdig! Me i PRESS vil saman med unge frå heile Noreg i vekene framover stå opp mot bransjen og seia at det er ikkje oss det er noko feil med, men dei, difor oppfordrar me alle unge til å stemma på www.gullbarbie.no avsluttar ho.

Her er dei verste reklamane i 2011 og 2012!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.49
ANNONSE