Meir fellesfyrverkeri i dei større byane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire skyter fellesfyrverkeri

Tiltaka kjem i takt med totalforbodet mot bruk av fyrverkeri og effektbatteri i sentrumsnære område, som både Stavanger, Oslo og Bergen etter kvart har innført.

– Oppslutninga om fellesoppskytinga er blitt betre for kvart år. Ein av grunnane er nok at det er profesjonelt, stort og varer ei stund. Fellesoppskytinga bidrar nok også til mindre privat fyrverkeri, og dermed færre fyrverkeriskadar, seier Stein Bethuelsen i avdelinga for park og veg på Stavanger kommunes nettsider.

Stavanger tilbyr i år oppskyting frå seks forskjellige stader og innfører samtidig totalforbod i trehusbyen, som også omfattar Stavanger sentrum. Til liks med Oslo og Bergen grunngir dei dette med ønsket om betre branntryggleik.

Branningeniør Arild Nessen i Bergen kommune fortel at eit fellesfyrverkeri på kommunens rekning har vore ein del av Bergens nyttårsfeiring dei siste tre åra og vil også stå på programmet i år.

LES OGSÅ: Flygande lyslykter kan bli forbode

Tydelege helsegevinstar
Dei norske sikkerheitstiltaka er blant dei strengaste i verda. Helsegevinstane er likevel tydelege, då personskadane sidan 2007 har gått ned med 76 prosent.

– Kompromisset frå 2008, då styrepinnerakettar blei forbodne, har vist seg å vere svært vellykka for alle partar. Vi merkar også at det førebyggjande arbeidet vårt bidrar til at fleire nordmenn behandlar fyrverkeri med respekt, seier Anders Sture, dagleg leiar i Svea Fyrverkerier og styremedlem i Norsk Pyroteknisk Bransjeråd (NPB), som organiserer dei norske fyrverkeriimportørane.

Odd Olav Bratteberg i Bymiljøetaten i Oslo peiker også på positive resultat, etter at Oslo innførte fellesfyrverkeriet sitt frå hamnebassenget utanfor Akershus festning.

– Vi samarbeider med Brann- og redningsetaten og sperrar av områda rundt oppskytinga, så det ikkje skal vere mogleg å ta med seg privat fyrverkeri.

LES OGSÅ: Seier ja til fyrverkeri forbod

Ikkje gratis
Flott fyrverkeri er derimot ikkje gratis. Bratteberg anslår at oppskyting i Oslo i år vil koste mellom 200 og 300.000 kroner. Ein liknande sum blir også brukt i Bergen, ifølgje BA.

Trass i dei kommunale initiativa, i tillegg til dei stadig utvida forbodssonene, er det ingen merkbar nedgang i dei private innkjøpa.

– Det er ein jamn oppgang, litt som ein ser for julehandelen. Det går bra i Noreg, fortel Anders Sture i Norsk Pyroteknisk Bransjeråd til osloby.no.

Lokalt initiativ
Lenger nord i landet har derimot lokale entusiastar tatt saka i eigne hender for å gi Karasjoks innbyggjarar eit spektakulært nyttårsfyrverkeri.

– Alle hovudstader med respekt for seg sjølv må jo ha eit skikkeleg fyrverkeri. Når storbyar som Sydney og hovudstadene London og Oslo kan, så er det ein sjølvfølgje at Sápmis hovudstad også kan, seier bidragsytar og hotelldirektør John Arne Mathiesen til avisa Sãgat.