Flygande lyslykter kan bli forbode

Skylanterne, også kjent som flygande lanterner, kinesiske lykter, rislykter, thailandske lys og fredslykter, kan bli forbode neste år på grunn av brannfare. Slike lykter er populære på nyttårsaftan.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette kan bli forbode

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har vurdert å forby sal av lyktene, skriv Aftenposten.

LES OGSÅ: Her får ein ikkje nytte maske på Halloween

Nettilgang
– I 2014 vil vi sende forslag om regulering i forskrift til Justis- og beredskapsdepartementet, seier senioringeniør Steinar Tegneby.

Han opplyser at DSB til no ikkje har vurdert slike lykter som eit så stort problem at det har vore nødvendig å foreslå forbod. Det er dessutan få butikkar som sel dei, sjølv om tilgangen er lettare på nettet, legg han til.

LES OGSÅ: Seier ja til fyrverkeriforbod

Har starta brann
Lyktene går sidelengs når det bles og medfører derfor brannrisiko i tettbygde strøk.

– Vi veit om eitt tilfelle av brann, men mange branntilløp har det så vidt vi veit ikkje vore, seier Tegneby.

Frå tidlegare er det kjent at dei to hovudredningssentralane i landet ikkje er glade i lyktene, fordi dei blir feiloppfatta som nødbluss. Slike lykter stig til vêrs med ein brennande flamme inni. Prinsippet er det same som ein varmluftsballong.