Årets nyttårsfeiring: Over halvparten ønsker forbod mot privat fyrverkeri

Nyttårsaftan er på trappene og mange planlegg fyrverkerifeiring, men nyttårshelga er også høgtid for skadar og ulykker. Slik sikrar du at nyttårsfeiringa vert kjekk og trygg for både tobeinte og firbeinte.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Ei ny undersøking viser at 65 prosent er heilt eller noko einig i at det er riktig å forby privat fyrverkeri på nyttårsaftan. Det skriv Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon (NITO) i ei pressemelding før nyttårsfeiringa.

– Kvart år vert folk skada av fyrverkeri og små og store brannar oppstår. Viss fyrverkeri ikkje vert handtert rett, kan det forårsake uventa og farlege eksplosjonar, som igjen fører til alvorlege skadar på menneske, dyr og eigedom, seier visepresident i NITO, Kjetil Lein.

Flest unge skadar seg

I nyttårshelga i fjor gjekk verdiar til 57,6 millionar kroner tapt i brannar over heile landet, viser tal frå Finans Norge og forsikringsselskapet If.

206 personar har blitt skadde av fyrverkeri dei siste fem åra. Dei fleste skadane rammar dei i aldersgruppa 11 til 20 år, viser tal frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Alkohol og vernebriller

Felles for dei vaksne som skadar seg er at dei gjerne blandar alkohol med fyrverkerioppskyting, og at for få brukar vernebriller.

– Det at rakettane vert skotne opp seint gjer at ein del har altfor god tid til å drikke før midnatt. Det blir ein farleg kombinasjon som ein del angrar på. Når promillen stig er det også lettare å gløyme vernebrillene, men brillene må vere på anten du er edru eller ikkje, seier rådgjevande lege i Frende Forsikring, Helge Skjerven.

Kvart år får rundt 10–15 personar i Noreg synet heilt eller delvis øydelagt på grunn av fyrverkeri. Talet er over 100 for dei siste ti åra, viser statistikk henta frå Noregs Blindeforbund.

Ny undersøking viser at 65 prosent meiner det er riktig å forby privat fyrverkeri på nyttårsaftan. | Foto: Gorm Kallestad / NTB/ NPK