Å velje orgel gjev jobb i jula og godt grunnlag for small-talk. Vi har møtt kantor Daniel Bjørlo.

Marit Lajord
Marit Lajord

– Eit orgel er eit mektig instrument, men det kan også vera sart og forsiktig. Ein kan få fram mange stemmer og simulere andre instrument. Det gjev så mange mogelegheiter – litt som å spele eit orkester åleine, fortel kantor Daniel Bjørlo.

Etter vidaregåande valde han å satse på orgel. No er han ein av få i Noreg som tek mastergrad på instrumentet, og har fast jobb som kantor i Rindal.

Som liten spelte Bjørlo piano, i slutten av ungdomsskulen byrja han med orgel. Fyrst berre som hobby.

– Så det var nok ein eller annan gong på vidaregåande, i den prosessen: kva skal eg gjere eigentleg, at eg fann ut det var orgelet eg ville satse på. 

LES OGSÅ: No er den heilage time – på nynorsk

Øver kvar dag
Etter at Daniel vart hekta på orgel klarar han ikkje stoppe.

– Går eg fleire dagar utan å øve, får eg abstinensar.

Han samanliknar øvinga med trening, båe delar må ein gjennom og det er resultatet som er avgjerande. Som når ein løfter vekter og ser progresjonen.

– Eg merkar eg vert litt betre for kvar øving. Musikken sit litt betre. Men kvar gong eg tek fatt på eit nytt stykke, kjennes det litt som eg aldri har take i eit instrument.

Studieøvinga tek tre til fire timar kvar dag. Før kvar gudsteneste er det minst to timar øving.
– Å få til eit skikkelig postludium er noko av det som er viktig for meg, seier Daniel.

Det er ikkje salmane, men dei store verka som er krevjande. Som Fantasie und Fuge über den Choral ”Ad Nos , ad salutarem undam” av Franz Liszt, verket han skal spele på eigen master-eksamen i Nidarosdomen i juni. Det tek 30 minutt å spele, og for Daniel er det noko av grunnen til at han satsa på orgel.

– Det verket likte eg veldig godt før eg sjølv byrja spele orgel. Då tenkte eg at så god vert eg nok ikkje. Men så har det ligge der i alle år, og for meg er det ein gamal draum.

LES OGSÅ: Her er julesongane musikk-Noreg høyrer på 

Saka fortset under biletet.


For å handsame alle pedalane er det best å nytte sko med litt hel.

Nidarosdomen som lesesal
Vegen mot verket har mellom anna gått via Musikkonservatoriet ved NTNU. Daniel var skulelei og ville gjere noko praktisk, prøvespelte og kom inn på bachelor ved den klassiske linja.

Studiedagane var undervisning i små grupper og øving i mellom anna Nidarosdomen. Der finst nemleg eit særs godt barokkorgel. Så i tida før han tok bacheloreksamen, øvde Daniel i katedralen – også på nattetid. Men då orgel er bygd for ulik musikk, spelte han også i Vår frues kirke i Trondheim, som har eit særleg godt romantikk-orgel.

I motsetnad til mange andre som satsar på musikk, var ikkje orgel eit skummelt val med tanke på jobb.

– Eg  viste det var mange stillingar før eg søkte. Er ein villig til å flytte dit jobben er, så er ein nesten garantert jobb, forklarar Daniel.

LES OGSÅ: Blind, unik og normal

Interessant instrument
– Alle instrument har sine utfordringar, på orgelet handlar det om koordinasjon. Ein må styre pedalane samstundes som ein passar på fleire rekkjer med tangentar. Men på den andre sida er det ingen skilnad om ein spelar sterkt eller svakt – lyden er rein uansett. Let det surt, er instrumentet stemt surt, forklarar Daniel.

Han får også stor åtgaum for valet av instrument – og leveveg.

– Folk tykkjer det er veldig kult. Å vera kantor er ein god ice breakar. Folk spør gjerne om eg spelar slik i kyrkja eller kvifor eg valde nett orgel.

Kantorkvardagen
For Daniel er kvardagen meir enn øving. Det er speling ved gudstenester og under gravferder, nye salmar og stor fridom.

– Eg likar at eg sjølv kan utforme arbeidskvardagen min. Eg kan vera med å avgjere kva konsertar som skal arrangerast og kva type kor eg vil leie, forklarar han. I Rindal leier han både barnekor og ungdomskor.

Når han sit på orgelkrakken handlar det både om å spele og å lytte.

– Her i Rindalen syng dei veldig bra altså. Eg må også høyre etter kvar dei er i salmen. Er det 6-7 vers er det fort gjort å spele eit vers for mykje eller for lite. Men alle gjer feil, så det går fint.

Einaste bakside med jobben, er at han må jobbe når andre har fri. Også i jula.

Julestria
For Daniel har juletida vore fulle dagar. Med skulegudsteneste, julekonsertar, jobb julaftan og juledagane. Då går det sjølvsagt i julesalmar.

– Eg er veldig glad i britiske julesalmar som Å kom nå med lovsang ellerHøyr kor englar syng frå sky. Og så klassikaren Deilig er jorden, den kan eg mest utanåt. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48

Kommentarar

ANNONSE