Han flyr rundt og vert hylla for den siste plata si på Senja-dialekt. Sjølv meiner Moddi at me må passe oss for språkleg nasjonalisme.

mm

Krøllene stikk seg ut mellom dei andre reisande som ventar på Gardermoen denne dagen. Flyet til Ørsta/Volda er nett blitt kansellert på grunn av dårlig vêr.

Strikka uniform
Ein kan mistenkje han for å vere litt hippie. I 2010 takka han nei til å verte nominert til StatoilHydro-stipendet på grunn av sitt miljøengasjement. Det litt rufsete krøllehåret og strikkegenserar har vorte varemerket hans. Han har strikkegenseruniform, når temperaturen tillèt det. Dei fleste er heimeproduserte av mor, bestemor eller tanter.

 – Eg tek alle strikkegenserane som ingen andre i familien vil ha, fortel Pål Moddi Knudsen.

Kjærasten har framleis ikkje strikka genser til han. Ho strikkar blåkvalar, som ho gjev vekk.

LES OGSÅ: – Eg likar eigentleg ikkje musikk

Flygaren
Trass i at garderoben i stor grad er heimestrikka, skildrar han seg sjølv som ein kapitalist med alternative verdiar.

Artisten Moddi har omsett for over ein million kroner i 2013. Likevel er rekneskapet 5000 i minus. Det er akkurat det det kostar å stemme eit trekkspel – eitt av dei fire instrumenta han meistrar.

Denne fredagen får han lette frå Gardermoen til slutt. I dag utan band, med gitar i bagasjen. Han skal på spelejobb til nokon som set pris på Senja-dialekta hans. Han skal spele på avslutninga av Språkåret 2013.

Og han har flydd mykje. Det har han litt dårleg samvit for. Han sit i eit lite Widerøe-fly og sjekkar rekneskapet. Den samla summen nytta på flybillettar i 2013 nærmar seg 200.000. Heldigvis har eit band vore med på mange av turane. I år har han turnert både i Noreg og Europa, ny noregsturne ventar til våren.

– Eg syklar så ofte eg kan, seier Moddi.

Men det skal mykje til å balansere det klimarekneskapet. Han er mykje på farten, og det er vanskeleg å sykle med eit sjumannsband. I tillegg er sykkelen han hadde i Trondheim stolen. I trønderhovudstaden har han ein slags base, der han ikkje har vore meir enn eit par veker til saman, sidan han flytta inn tidlegare i år.

– På eitt tidspunkt vert ein så rotlaus at heile verda er heime. Der er eg no.

Men det er ikkje fritt for at 26-åringen saknar litt rutine i kvardagen, sjølv om han har verdas beste jobb.

LES OGSÅ: Språket som forandra musikk-Noreg

Språkleg nasjonalisme
Han har i år hausta gode kritikkar for albumet Kæm va du? Plata fekk ein 5-ar av VG og Dagbladet spurde kvifor Senja-artisten ikkje alltid har sunge dialekt. Men for Moddi er ikkje det eit mål. Så lenge 80 prosent av lyttarane hans bur utanfor Noreg er det viktigaste å verte forstått. For kva er vel musikk utan tekst?

– Det er ei litt skummel trend i Noreg no, at ein nesten vert sedd ned på om ein ikkje syng på dialekt, meiner Moddi.

For han vil ikkje avgrense musikken sin til innafor Noregs språkgrenser. Når han no syng på Senja-dialekt er det fordi tekstane – som er skrive av både han sjølv og andre poetar frå nord – ikkje kunne vorte formidla på noko anna vis.

Heller ikkje bokmål hadde vore mogleg. Han kan ikkje eingong forklare orda marlake og bottlangsbror, som dukkar opp i Senja-poeten Helge Stangnes sitt tonesette dikt Vi slakta sau. Så handlar jo òg teksta om at når kulturen endrar seg forsvinn både kunnskap og orda som er berarar av denne kunnskapen. 

– Men me må ikkje verte som franskmenn når det kjem til språkleg nasjonalisme.

Senjaværingen fortel at alle pilotar må lære seg fransk, for over fransk luftrom skal all kommunikasjon gå føre seg på fransk.

LES OGSÅ: – Frigjerande å skriva på dialekt

Umoglegsameksistens
Moddi er interessert i både språk og miljø. Nyleg skreiv han ei bacheloroppgåve om språk og makt i den norske oljedebatten. Det boblar over av engasjement. Flyplassar er fulle av dresskledde menn som snik seg fram i køen, dei same som definerer språkbruken i oljedebatten. For han har funne at språkbruken til dei som var for oljeutvinning hadde ein meir positiv valør, enn hjå dei som kjempa mot. Eitt ord har han bite seg ekstra merke i.

– Sameksistens er eit heilt fantastisk ord. Ein kan ikkje vere imot sameksistens. Då er ein imot sympati, solidaritet og det å ta omsyn til andre.

Ressurs, utvinning og utvikling er andre ord Moddi meiner det er vanskeleg å argumentere mot.

– Miljøvern er så radikalt i folks hovud, meiner Moddi, og peikar på at mange assosierer det med folk som bordar kvalfangstskip og PETA-medlemmer som ligg og blør under plast for dyrs rettigheiter.

– Det trengs fleire dresskledde SV-arar, konkluderer han med.

LES OGSÅ: Språkåret som ikkje ville ende

Ukjend endestopp
Snart er han ferdig med bachelorgraden i kultur og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo (UiO), utan at han har rent ned forelesningssalane. Slikt er det dårleg med tid til. Likevel tykkjer han det er viktig med meiningsinnputt i ein musikarkvardag.

– Eg har prøvd å berre vere musikar. Det er noko av det mest keisame eg har gjort.

Kanskje vert det mastergrad etterpå. Han må berre finne ut kva som interesserer han mest. For Moddi interesserer seg for mykje. Men han ser ikkje på bachelorgraden som ei praktisk utdanning “å falle tilbake på”.

– Eg trur faktisk den utdanninga gjer deg mindre kvalifisert til dei fleste jobbar, smilar Moddi.

Sjølv har han alltid sett opp til gamle eldsjeler som nyttar tida si på gratis kulturarbeid. Kanskje endar han opp som ein slik gubbe?

Flyet til spelejobben i Ørsta kan ikkje lande likevel denne dagen, grunna tekniske problem. Så kvar kjem Moddi til å lande til slutt?

Det kjem nok ikkje til å verte Trondheim. Kanskje vert det ei lengre mellomlanding i Oslo – Nord-Noregs hovudstad.

– Skal ein ikkje heimatt til slutt? spør Moddi når han får spørsmål om kvar han vil ende opp.

Han ser for seg ei endeleg landing ein plass i Nord-Noreg eller på Vestlandet, så langt sør som til Bergen. Ikkje i oljehovudstaden Stavanger.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE