Oppdrettarane badar i pengar etter alle tiders rekordår for norsk lakseeksport. Og festen er ikkje over med det første.

NPK
NPK

Aldri har oppdrettarane tent meir enn i 2013, og aldri har laksen vore meir lønnsam for Noreg, skriv Finansavisen.

Førre rekord frå 2010 var på 33 milliardar. Status ved utgangen av november i år var på 35, 4 milliardar. Desember er høgsesong for den rosa fisken, med over 100.000 tonn i forventa sal frå Noreg.

– 40 milliardar ligg innan rekkevidd, men det vil jo vera avhengig av julesalet, seier direktør Egil Sundheim i Sjømatrådet.

LES OGSÅ: Vil på jakt i romjula

Dei flinkaste oppdrettarane har produksjonskostnader på rundt 25 kroner kiloen, og eigarane kan dermed dela eit samla driftsoverskot på anslagsvis 10– 15 milliardar.

Dei fleste ventar at festen vil halda fram til neste jul – minst.

– Eg trur snittprisen i 2014 blir høgare enn i 2013, ganske enkelt fordi tilbodsveksten i 2014 ikkje vil vera stor nok til å møta etterspurnaden, seier talknusar Marius Gaard i Carnegie til avisa.

Han viser til at dei fleste lakseproduserande regionar er nær full kapasitetsgrense, og at global tilbodsvekst også neste år vil liggja godt under historisk vekst på 6– 8 prosent. Fleire av dei som lever av å kjøpa og vidareforedla laks har allereie tatt dette innover seg, påpeiker Gaard.

LES OGSÅ: Dei aller verste katastrofane

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48

LES OGSÅ

ANNONSE