Vindmøller kan dempe orkanar

Havvindmøller kunne ha redusert vindstyrken i den øydeleggjande orkanen Katrina til det halve, viser ein amerikansk studie.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den same – førebels upubliserte – studien viser at vindmøllene kunne har redusert den katastrofale stormfloda som råka New Orleans i 2005, med over 70 prosent.

Det er mijøteknikkprofessor Mark Z. Jacobson ved Stanford-universitet som saman med ei gruppe kollegaer har rekna seg fram til effektane av orkanane Katrina og Sandy dersom dei hadde måtta forsere 70.000 vindturbinar 100 kilometer ute i havet før dei nådde land. Datasimuleringane viser at ein slik vegg av vindkraftverk hadde tappa ekstremvêret for mykje av energien – og samtidig generert enorme mengder straum, skriv Teknisk Ukeblad.

LES OGSÅ: Statoil vil utvikle Europas største flytande vindpark

Forskarane fann liknande effektar for orkanen Sandy, som i 2012 gjorde stor skade over heile Karibia og nordover langs den amerikanske atlanterhavskysten heilt nord til Canada.

Jacobson har tidlegare publisert fleire vindkraftstudiar, blant anna viste han i 2012 korleis havvindkraft kunne dekkje ein tredel av det amerikanske energibehovet.

LES OGSÅ: Vindmøller til havs kan knekke som fyrstikker