Dei aller verste katastrofane

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei aller verste katastrofane

Då ser han det. Ute i horisonten, kvitt og skummande. Ei flodbølgje er på veg, med veldig fart og styrke! (Losnegård 2013, s. 29).

2. juledag 2004 kom kjempemessige flodbølgjer innover kystane ved Indiahavet. Tsunamien i Søraust-Asia tok livet av omkring 345.000 menneske og førte til enorme tap for innbyggjarane i mellom anna Indonesia og Thailand.  

Også Noreg vart råka av tragedien. I ettertid har 79 av dei 84 nordmennene som var sakna etter tsunamien blitt identifisert.

 – Tsunamien var den verste naturkatastrofa som har ramma nordmenn i utlandet, og noko heilt nytt for norske styresmakter. Ulykker og katastrofar sett djupe spor i folk. Vi gløymer dei ikkje, seier historikar og forfattar Gaute Losnegård.  

Flodbølgje i Noreg
Losnegård har skrive boka Norske ulykker og katastrofar, der han freistar å setje ulike typar ulykker i ein historisk samanheng frå førmoderne tid til i dag.

I boka kjem det fram at også norske kyst- og fjordbygder har vore råka av flodbølgjer.  

Storegga er eit område kring 70 km utanfor Sunnmøre. Innanfor er kysthavet berre kring 100-200 meter djupt, men ved Storegga skrånar havbotnen bratt ned til 900 meters djupne.  

På 70- og 80-talet fann havforskarar at det hadde gått enorme undersjøiske ras ved Storegga. Eit av dei største gjekk for 8200 år sidan.  

Det såkalla Storeggaraset sette enorme vassmengder i rørsle, som utløyste ein serie av bølgjer på havoverflata. Både på Færøyane, Island, Shetland og Skottland er det funne spor etter tsunamien frå Storeggaraset.  

I Noreg finn ein liknande spør frå Bømlo i sør til Troms i nord. Sunnmøre vart hardast råka, og her gjekk bølgja ti-elleve meter over det vanlege flomålet. Innover i fjordarmane trengde vassmengdene seg ihop, og kunne strekkje seg 40-50 meter til vêret. Kva som hende med menneska som levde i jakt- og fiskesamfunn langs kysten og fjordane veit vi lite om.  

Sjølv om undersjøiske ras er sjeldne i Noreg, er ikkje Storeggaraset det einaste. I alt 14 undersjøiske skred er registrert sidan 1849. I førhistorisk tid kjenner vi mellom anna til Trænadjupraset og Andøyaraset i Norskehavet utanfor Nord-Norge.

Men trugselen om flodbølgjer i Noreg høyrer ikkje berre fortida til.

– Mellom anna lever folk i Geiranger i dag med vissa om at dersom Åkerneset rasar ut, kan ei flodbølgje skylje heimane deira vekk. Lenge fekk ein ikkje lov til å byggje i det utsatte området, men med teknologisk overvaking er det blitt tryggare, fortel Losnegård.  

LES OGSÅ: Vi er ikkje skapt til å krige

Hugsar sørgjemusikken på fjernsyn
I boka tek han ikkje berre føre seg uår, epidemiar og naturkatastrofar, men også teknologiske ulykker, som skipskatastrofar, oljeulykker og flyulykker. I fem år har historikaren arbeidd med den dramatiske boka.

– Då eg signerte bøker saman med kunstnaren Oddvar Torsheim kommenterte han at boka mi handlar om slikt som VG og Dabladet alltid skriv om. Folk er interessert i brå hendingar som fører til skadar og tap av liv, med god grunn, seier Losnegård.

Boka tek føre seg utilsikta ulykker og katastrofar.

– Difor er til dømes ikkje terroråtaka 22. juli med, sjølv om tragedien sette djupe spor i folk, seier han.

Han seier boka ikkje handlar om hans eigne personlege inntrykk. Som historikar er han vand til å skrive om død og elende.  

– Historikarar arbeider jo som regel med folk som er døde, påpeikar han. Likevel festar nokre hendingar seg særleg. Losnegård hugsar framleis sørgjemusikken som var spela på TV etter at Alexander Kielland-plattforma kantra i 1980 og 123 menneske mista livet.

– I ei bok eg har støtta meg på, vert det fortalt om ein mann som låg i sjøen med redningsvest på. Brått kjende han nokon som klamra seg til han. Då han snudde seg ser han inn i eit livredd andlet, men det var ikkje snakk om at redningsvesten kunne halde dei begge oppe. Mannen kunne ikkje hjelpe den andre. Slike skildringar gjer inntrykk, fortel Losnegård.

LES OGSÅ: Tilbake til fortida

Frå natur til teknologi
Losnegård sitt perspektiv er likevel overordna. I boka skildrar han korleis nye typar ulykker har oppstått over tid.

I dag er vi tryggare enn menneska i førhistorisk tid var,  for naturkatastrofar og sjukdom. Samstundes har den teknologiske utviklinga ført med seg nye typar ulykker, som flystyrtar, trafikkuykker, eksplosjonar og ulykker på grunn av gass og stråling.

Sjølv trur ikkje Losnegård at verda har vorte korkje tryggare eller farlegare.

– Tala på dødsulykker i høve til innbyggjartal er ganske stabile, sjølv om vi lever eit samfunn med stort fokus på tryggleik. Til dømes vart jo kvinner meir utsett for ulykker , då dei i større grad gjekk ut i arbeidslivet. I tillegg har vi desse nye typane ulykker. Tjernobyl-ulykka var til dømes noko vi ikkje var førebudde på. Vegtunnelulykker er eit anna døme. Dei siste tiåra har vi bygd tunnelar for å sikre oss mot ras. Samstundes ser vi at også tunnelar har sine farar, slik som brannen i Gudvangatunnelen i år synte, seier han.

Også klimaendringar utgjer ein ny trugsel for menneska. Store nedbørsmengder, eit stigande havnivå og meir ekstremvêr er nokre av endringane vi står overfor.

– Det verkar som om mange har gitt opp klimaspørsmålet, fordi ein ikkje veit korleis ein skal gripe det fatt. I valet hadde det til dømes lita betyding. Boka mi er absolutt eit innspel i denne debatten, seier Losnegård.

Kjelde: Losnegård, Gaute. 2013. Norske ulykker og katastrofer. Skald forlag.

LES OGSÅ: – Må gira opp klimpakampen