NRK-reporter Silje Ese Haugen har byrja å lure på korleis sonen Georg vil snakke når han veks opp. Då fekk mor i Balestrand ein skremmande telefon.

mm

 – E da du Silje, du snakka jo heilt bokmål? svara mor, då NRK-reporter Silje Ese Haugen ringte heim med opptakar på. Ho laga eit innslag til radioprogrammet Verdens rikeste land.

Høyr radiosamtalen der Silje snakkar bokmål til mor.

Barnets beste
Til mor forklarte Silje at ho no sette «alle kluter inn nå for å ikke skitne til språket hans før han begynner å prate».

Ho lurte difor på om mor og far kunne la vere å seie så mykje “ao” og pao” når ho kom heim til Balestrand i jula.

Samtalen og Silje si knotete austlandskdialekt var berre tull og mor tok det betre enn Silje hadde venta seg. Likevel, det kom ikkje på tale å snakke annleis av omsyn til barnebarnet:

– Mi snakka vaor dialekt og du snakka di, konkluderer Helga Ese Haugen.

LES OGSÅ: – Frigjerande å skriva på dialekt

Hugselappen
Ideen til tulletelefonen, som gjekk på lufta torsdag denne veka, kom av noko Silje har tenkt på. Ho bur på Austlandet. Korleis kjem sonen Georg på 11 månadar til å snakke? Vil han seie eg eller jeg først?

Mor har ikkje tenkt å påverke han til å snakke si eiga dialekt, men ho skal heller ikkje leggje om til bokmål.

– Eg skal ikkje snakke austlandsk til han. Det har eg høyrd foreldre som gjer og det høyrest heilt dumt ut, seier Silje på sognamaol.

Men det er ikkje berre berre å halde på dialekta når ein har budd 12 år vekkje frå opphavsplassen. Silje løyser det med ein hugselapp på pulten: “Hugs å snakk dialekt”.

Det er ho stort sett flink til og får positiv respons på. Ein viss Idol-deltakar har gjort mykje for populariteten til dialekta, trur Silje.

– Tone Damli har gitt sognemålet eit lite løft.

Men det hender likevel at NRK-reporteren tilpassar enkelte ord for å sleppe spørsmål om kva det tyder. “Håve” kan verte “hodet”, og “dikka”, som tyder “dere” kan vere vanskeleg å forstå.

– Det er nokre situasjonar der innhaldet er viktigare enn språket, meiner Silje.

Det kan til dømes vere til taxisjåførar.

LES OGSÅ: SMS-dialekt kan truga nynorsken

Dialektkjensler
Dialekt set kjenslene i kok. På godt og vondt. Det er Dialektriket på NRK eit godt døme på: 625.000 sjåarar benka seg framfor tv-en til premieren. I etterkant fekk programleiar Yasmin Syed mest hyggjelege, men òg nokre mindre hyggjelege tilbakemeldingar.

Silje gler seg til ei veke heime i Balestrand. Ho er nok neppe åleine om å vere på veg heim for ei få ei dialektevaluering.  

Målbyte er eit velkjent fenomen – og i mange sine auge problem – i nynorskområde. På landsbasis skiftar rundt 30-40 prosent hovudmål i løpet av skuletida. Dialektbyte er vanskelegare å måle, av di det er ein meir flytande munnleg overgang.  

– Eg har fått litt kommentarar om at eg somme tider går opp i enden av setningane. Men det tek ikkje lang tid heime, berre eit par samtalar, før eg er attende.

Ho trur likevel ikkje knotar veldig mykje og bytar ut for mange ord. For ho er bevisst på dialekta si.

Men korleis ville far reagert på tulleoppringinga?

Silje freista først å lure han, men han skjøna kva som var i gjære. Han vert ikkje lurt to gongar.

– Førre jul ringte eg han og sa at eg ikkje kom heim likevel. Så no er han litt ekstra forsiktig når eg ringer i førjulstida.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48

LES OGSÅ

ANNONSE