Frp gir ikkje opp ostesiger

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi var som kjent imot overgangen frå kronetoll til prosenttoll då han vart innført av den førre regjeringa. Det betyr likevel ikkje at vi støttar ei einsidig reversering av dette no, seier næringspolitisk talsmann Pål Farstad i Venstre.

Partiet fatta vedtaket sitt under gruppemøtet på Stortinget onsdag.

LES OGSÅ: Fryktar rasering av landbruket utan ostetoll

Optimistisk Frp
– Eg trur vi blir einige til slutt. Det er mange vegar til Rom, seier Jørund Rytman (Frp) i Stortingets næringskomité til NTB.

KrFs næringspolitiske talskvinne Line Henriette Hjemdal er glad for signala frå Venstre.

– Omlegginga av ostetollen gir bøndene større inntekter og legg forholda til rette for eit godt jordbruksoppgjer. Vi ønskjer ikkje ei reversering av tollsatsane og håpar på ein god dialog med regjeringspartia om dette, seier ho til NTB.

LES OGSÅ: Listhaug: – Bondelaget overdriv ostetolleffekten

Kritikk av europaministeren
Også frå dei tidlegare regjeringspartia får Venstre honnør for snuoperasjonen, men Senterpartiets Marit Arnstad kjem samtidig med eit lite stikk til dagens regjering.

– Lærdommen for regjeringa bør vere at ho for framtida sørgjer for å avklare saker med Stortinget på ein skikkeleg måte, og lèt vere å sende ut denne typen ideologiske prøveballongar som europaministeren gjorde i møte med EU, seier Arnstad, som leier Stortingets næringskomité.

Arbeidarpartiets landbrukspolitiske talsmann Knut Storberget ser det på same måten:

– Det er uheldig at regjeringa ikkje sikrar seg politisk fleirtal før dei reiser til Brussel med bodskapen sin. No må regjeringa reise til Brussel igjen og reversere sitt førre bodskap. Det styrkar ikkje norsk truverde, seier han.

Storberget og Arnstad siktar til framferda til statsråd og europaminister Vidar Helgesens (H) under rådsmøtet i Brussel i førre månad. Der signaliserte han at regjeringa vil endre ostetollen.

– Men eg presiserte at det krev ei grundig behandling på norsk side før eit konkret forslag vil bli fremma, sa Helgesen i Stortinget 28. november, etter solide dosar med kritikk frå opposisjonen for Brussel-turen.

– Å vise seg skuggeredd for EU på denne måten er ingen god forhandlingsstrategi, tordna Ap-veteran Svein Roald Hansen, som sjølv har bakgrunn som leiar i Europabevegelsen.

LES OGSÅ: EU er imot norsk ostetoll

Nye rundar
EU reagerte kraftig på den nye ostetollen – som tok med seg avgiftsaukar på bestemte typar av ost og kjøt. Noreg vart skulda for proteksjonisme og brot med EØS-avtalens ånd, om ikkje bokstav.

Regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet gjekk kraftig ut mot dåverande landbruksminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og varsla at reglane skulle bli reverserte av ei ny regjering.

KrF går imot dette, noko som gjer regjeringa avhengig av stemmene til Venstre i Stortinget.

Venstre har sendt fleire spørsmål til landbruksministeren for å skape seg eit betre bilete av kva verknadene vil bli, dersom reglane blir endra på nytt. Det nye tollregimet trødde i verk så seint som ved nyttår.

– Vi er nøgde med tilbakemeldingane frå landbruksministeren, der Listhaug slår fast behovet for ein grundig gjennomgang og dialog med berørte partar før eit forslag eventuelt skal fremjast for Stortinget, seier Farstad.

brevet til Listhaug slår partiet fast at tollsatsane over tid bør reduserast, men Venstre krev samtidig å bli tettare involvert enn kva tilfellet har vore til no.

– Ei eventuell endring av ostetollen må vurderast saman med andre endringar som gjerast, og som etter vårt syn openbert må styrke konkurranseevnene og inntektsmoglegheitene både for norske bønder og norsk næringsmiddelindustri, seier Farstad.