Regjeringa forsvarer DLD

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa forsvarar DLD

Ein av generaladvokatane i EU-domstolen tilrår at den noverande versjonen av datalagringsdirektivet blir erklært ulovleg. EU-domstolen skal behandle saka til våren.

LES OGSÅ: – Får drahjelp av Snowden-saka

Går som planlagt
Regjeringa og statsråd Vidar Helgesen ser likevel ingen grunn til å vente med å innføre direktivet i norsk rett, skriv Bergens Tidende.

– Det ligg føre eit stortingsvedtak med eit klart fleirtal. Det er eit vedtak vi set i verk. Utsegna frå generaladvokaten i EU-domstolen gjer ikkje at vi gjer noko i nokon retning. Utsegna ser ut til å dreie seg meir om ein del tilpassingar enn om dei meir fundamentale spørsmåla, seier Helgesen.

– Vi følgjer rettsprosessen i domstolen. Dersom det kjem noko banebrytande der, får vi ta stilling til kva vi må gjere. Men så langt har det ikkje komme noko som gjer at vi må gjere ei ny vurdering, seier han.

LES OGSÅ: Mot openheita – og forbi

Mot terror og kriminalitet
Han vurderer direktivet som viktig i kampen mot terror og grov kriminalitet.

– Det vil uansett ikkje vere noko anna fleirtal i Stortinget enn det som var situasjonen i den førre stortingsperioden, seier han og viser at Ap og H sikra fleirtalet da Stortinget vedtok direktivet i 2011. Dei to partia har fleirtal i dag òg.