– Media må vere forsiktige med å ta æra

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Onsdag melde Aftenposten at det er 24 år sidan sist så mange førstegongsveljarar gjekk til valurnene. Auken vert forklara med terroråtaka 22. juli og mediekampanjar. Leiar i Sosialistisk ungdom (SU), Andreas Halse (27), meiner media bør vere forsiktige med å ta på seg æra.

Største deltaking sidan 1989
Medan 56,2 prosent av førstegongsveljarane stemde ved valet i 2009, brukte 66,5 prosent av denne gruppa stemmeretten i år. Også blant dei som stemde for andre gong har deltakinga auka. 62,4 prosent av unge mellom 22 og 25 år brukte stemmeretten sin.

Ikkje sidan 1989 har valdeltakinga blant unge vore høgare. Forskarar ved Institutt for samfunnsforsking (IFS) står bak tala. Dei peikar på to moglege forklaringar på auken. Den eine er at terroråtaket 22. juli har hatt ei mobiliserande kraft, og den andre er at kampanjar i media har gjeve kunnskap og kompetanse om politikken.

LES OGSÅ: – Me blir overkøyrt utan stemmerett

– Valet var tydeleg
Kring tjue aviser deltok i kampanjen Min stemme 2013, der målet var å rette seg mot unge og få dei til å bruke stemmeretten.Forskar ved IFS, Guro Ødegård, seier til Aftenposten at mediekampanjen gav unge kunnskap om politikken, og at den hadde effekt fordi ungdom var mobiliserbare i ljos av 22. juli.

SU-leiar Andreas Halse har tidlegare kalla mediekampanjen «upolitisk stemmemoralisme» og uttala at det viktigaste ikkje er å stemme, men korleis ein stemmer. Etter at dei nye tala vart kjende er han framleis kritisk til stemmekampanjen i media.

– Eg trur media skal vere forsiktig med å ta på seg æra for den høge valdeltakinga. Media har ikkje i oppgåve å moralisere, slik kampanjen delvis gjorde. Media si rolle er først og fremst å syne konfliktlinjene, gjere det mogleg å setje seg inn i saker, og formidle dette i eit tydeleg språk, ikkje å mobilisere.

LES OGSÅ: Partia er som eit kaotisk landskap

Halse meiner det er positivt at dei som vert påverka av politiske avgjersler vel å delta.

– Den høge valdeltakinga kan tyde på at vi har ein ung generasjon som tek ansvar. I tillegg var alternativa klåre i haustens val og det kan ha vore lettare enn på lenge å velje side. Det kan òg ha verka mobiliserande på unge, meiner SU-leiaren.

– Unge vil ha endring
Som stemmerettsambassadør brukte Gloria Vitaly (17) hausten på å oppmode andre til å stemme. Ved å blogge, debattere, dele ut buttons og snakke med folk, har ho formidla kvifor det er viktig å bruke stemmeretten. Prosjektet vart leia av Likestillingssenteret og KUN senter for kunnskap og likestilling, og kom i tillegg til Min stemme-kampanjen i mediane.

Som SU-leiaren meiner også Vitaly at ein polarisert valkamp påverka valdeltakinga blant unge.

–        Eg trur den tydelege konkurransen mellom Arbeidarpartiet og Høgre har hatt mykje å seie. Den gjorde at politikken kom klårare fram. Eg trur også at mange unge stemde fordi dei ville ha endring, meiner ho.

LES OGSÅ: Har irritert folk til å stemme

Ifølgje Aftenposten kan ikkje forskarane ved IFS seie om dei unge veljarane hjelpte dei blå-blå til siger. Dei peikar likevel på at ungdom stemmer i tråd med resten av befolkninga. At Høgre for første gong vart det største partiet i skulevalet, kan tyde på at partiet er populært blant unge.

– Folk må ha lyst til å røyste
Som stemmerettsambassadør har Vitaly mellom anna halde appellar under skulevalet og snakka med andre unge om å bruke stemmeretten.

– Å vere med å gjere noko sjølv var veldig artig. Eg kan ikkje vere sikker på at vi har fått fleire til å stemme, men eg håpar at det kan ha hatt noko å seie.

Då rekordmange unge gjekk til urnene i 1989 var miljøspørsmål årsaka, skriv Aftenposten. Den gongen brukte 76,3 prosent av førstegongsveljarane stemmeretten, men ved neste stortingsval var deltakinga redusert med 13 prosentpoeng.

– Kva kan ein gjere for at ikkje deltakinga skal synke ved neste val?

– Vi kan halde fram med å påverke folk, men det er likevel opp til kvar enkelt. Folk må sjølv ha lyst til å engasjere seg, meiner Vitaly.

LES OGSÅ: – Oi! Snakkar DEI om politikk!?