Har irritert folk til å stemme

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Å vera stemmerettsambassadør er litt blanda. Ungdommar som er engasjert, er gjerne veldig engasjert. Men så er det den andre gruppa, dei som ikkje er engasjert i det heile. Det er dei som irriterar meg, og som eg har prøvd å irritere opp til å bruke stemmeretten sin, seier stemmerettsambassadør Inger Lise Pedersen Tangen (18) frå Løten.  

Tangen er ei av stemmerettsambassadørane i Nordland, Troms, Oppland og Hedmark. Saman har dei freista å få ungdom til å nytte stemmeretten, gjennom eit prosjekt i regi av Likestillingssenteret og KUN senter for kunnskap og likestilling. Dei har blogga, delt ut buttons og prata med folk.

– Eg meiner det er veldig viktig at ungdom nyttar stemmeretten sin, og har vorte ekstra engasjert etter å ha sett dei knusande tala på kor få som faktisk gjer det, seier Pedersen Tangen.

Ved førre stortingsval nytta berre 57 prosent av ungdommane mellom 18 og 21 år stemmeretten. 55,9 prosent av dei mellom 22 og 25 år gjorde det same, ifølgje tal frå Institutt for samfunnsforskning og SSB.

LES OGSÅ: Kjempar for å få fleire unge veljarar

Omvendt
Sjølv om responsen er blanda, der vaksne ofte er mest positive, og det endelege resultatet ikkje kjem før etter valet – har Pedersen Tangen påverka.

– Eg veit eg har omvendt nokon på skulen som ikkje hadde tenkt å nytte stemmeretten, men som allereie har førehandsstemt.

”Alle” oppmodar ungdom til å nytte stemmeretten sin og avisene har store kampanje, trur du det verkar?
– Det hjelper nok at trykket er dobbelt, at ein både leser om det og får høyre det direkte. Kanskje har eg starta ein indre debatt hjå dei eg har tala med som eigentleg ikkje hadde tenkt å stemme, slik at dei i alle fall har byrja å tenkje på det.

Noko av det ho har nytta i påverkinga av dei som ikkje vil stemme, er irritasjonsteknikken.

– Eg har spurt om det er noko som irriterar dei. Har du noko som irriterar deg, så har du ei meining og kan finne eit parti med same synspunkt. Mange ungdommar her er gjerne irritert på slik som for høge bensin- eller bilavgifter, eller andre nære ting.

For henne er teknikken meir naturleg enn klassikaren ”di stemme tel”.

– Det er jo fakta, og vi som er politisk engasjert ser det. Men for mange ungdommar vert det litt fjernt.

Les intervju med førstegongsveljarar.

Språk og krangling
Kva seier dei som ikkje vil stemme?
– Ein del veit ikkje kva dei skal legge vekt på, om dei skal stemme på vegne av seg sjølv eller på venge av andre. Ein del er berre ikkje interessert i politikk.

Pedersen trur også mange ungdommar sit med inntrykket av at politikarane berre kranglar, til dømes under TV-debattane, og at dei brukar eit språk det er vanskeleg å forstå.

– Som engasjert i mellom anna Ungdommens Fylkesting, merkar eg jo det sjølv også – ein får eit internt språk. Det vert mykje store ord og store tal, noko som er langt unna ungdom.

Samstundes føler ho også at sakene i valkampen ikkje handlar om ungdom, og det som er viktig for dei.

– No har eg følgd mest med på debattane til NRK, men eg har ikkje opplevd ein debatt direkte retta mot ungdom. Mange bryr seg om miljø, studielån og skule og lekser, men det har det vore lite av.

LES OGSÅ: – Lærer for lite om politikk

Under 18
Gloria Vitaly (17) frå Ringebu, har mellom anna halde sluttappell etter skulevalet på skulen sin, i kampen for å få ungdom til valurnene.

– Ein bør bruke stemmeretten sin når ein har den. Ein del av dei eg har tala med, veit ikkje kva dei skal stemme på, for det er jo så mange parti og slik kan det vera vanskeleg. Men eg meiner det er mykje betre å stemme blankt, enn å ikkje stemme i det heile.

–Er det keisamt å jobbe for at andre skal stemme når du sjølv er for ung?
– Det er litt trist, spesielt i år. Men eg ville ikkje ha lågare stemmerettsalder, mange på min alder veit ikkje kva partia står for og for meg ville det vorte heilt feil.

LES OGSÅ: Vil halde fram med forsøk med røysterett

Oppmodinga
 – Om du ikkje stemmer, bestemmer nokon for deg. Det er ekstremt viktig at den unge generasjonen stemmer og slik kan ein faktisk påverke, er Gloria Vitaly si oppmoding til unge veljarar rett før valet.

– Vi bur i eit demokrati og du kan gjere noko, å stemme er ei borgarplikt, legg Inger Lise Pedersen til. Ho gleder seg til høgtida til å høgtideleg stemme for fyrste gong på måndag.

– Det er vi som er framtida, legg ho til. 

LES OGSÅ: – Raudt rapvalg