Løft blikket!

Tore Storehaug
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Langsiktigheit og berekraft er ofte to sider av same sak. I dagleg arbeid er vi ofte for flinke til å tenkje på dei løysingane som svarar på kortsiktige problem. Dette syner seg i at alle politiske parti har sine eigne quick-fixes i skulen.

Då PISA-resultata blei slept førre veke, og Noreg framleis var middels, gjekk skulepolitikarane på autopilot; berre vi får varm mat i skulen, eller endå betre lærarar, så vil nok skuleresultata gå opp.

LES OGSÅ: – Me har eit realfagsproblem

Mysteriet Sogn og Fjordane
Resultata blei også brukt for å stadfeste det ein allereie trur på. Som når utdanningsminister Torbjørn Røe Isaksen meier Sogn og Fjordane sine gode skuleresultat kan tilskrivast ei god lærarutdanning.

Eg er einig i at godt utdanna lærarar kan vere ein del av forklaringa, men som ei total forklaring er den for enkel. Sanninga er at ingen heilt forstår kvifor Sogn og Fjordane gjer det så godt i skulesamanheng som vi gjer.

Skal vi halde fram å gjere dette må vi halde fram med å vise tillit til alle dei gode kreftene som kvar for seg gjer ein innsats for å gje god utdanning – både lærarar, foreldre og lokalsamfunn. Ein monopolisert idé som blir fremja frå sentralt for å betre resultata endå meir til neste PISA-undersøking, ville vore kortsiktig og uklokt.

Blinkande varsellamper
Den same regelen gjeld også på andre felt. Langsiktigheit og berekraft er gode løysingar fordi dei er best på lang sikt. Det beste med desse prinsippa er likevel ikkje at dei maksimerer resultatet, det beste med dei er at dei ikkje set dei som nyt godt av løysingar i dag over andre.

I grunn handlar berekraft om rettferd. Det handlar om solidaritet med dei som også kjem etter oss. Eit døme på dette er i velferdspolitikken. Noreg er i dag velsigna med eit oljefond som sikrar staten ekstraordinære inntekter. Så sjølv om kommunane og andre land blir stadig meir tyngda av gjeld har statskassen greidd seg til no. Faren er at vi ikkje tenkjer langsiktig, og tilpassar velferdsordningane slik at dei blir berekraftige.

Velferdsfarelampene blinkar. Den raudgrøne regjeringa si perspektivmelding viser at der det i dag er fire personar i arbeidsfør alder per pensjonist, vil det i 2060 vere 2.2. Dersom ingen reformer av velferda blir teke vil staten på same tidspunkt gå 600 milliardar i underskot – og oljefondet vil vere tømt. Skal vi ha eit varmt velferdssamfunn som kan vise solidaritet med utsette grupper i framtida må vi tørre å starte på reformarbeidet no.

Det handlar ikkje berre om evna til å vise solidaritet då eller no – men om at solidaritet også handlar om dei som ønskjer seg god velferd i 2060. Det norske velferdssamfunnet har sitt grunnlag i tillit, og som i skulepolitikken må vi løfte blikket og tenkje langsiktig dersom vi verkeleg meiner dette har verdi.

Oljegaloppen
I miljøpolitikken er det sagt mykje klokt om berekraft. Dessverre må det seiast endå ein gang. Godt forvaltaransvar handlar om å setje alle menneske sin unike verdi til grunn – følgjeleg må vi også ha ein god klode å gje vidare til menneska som kjem etter oss.

Nyleg kom Holden-utvalet med ein rapport som slo fast at aktiviteten på norsk sokkel bør slåast ned. Dei argumenterte med at det auka tempoet i oljeutvinninga fører til ei todeling i norsk økonomi, der den oljerelaterte delen går så godt at han driv opp prisane på resten av næringslivet – som dermed ikkje klarar å drive så lønnsamt som ein burde. Dette er farleg for norsk økonomi på sikt.

Diverre svarte olje- og energiminister Tord Lien med å slå fast at han ikkje hadde planar om å slå ned på utvinningstempoet.

Når vi i tillegg veit at vi må la to tredelar av dei kjende fossile energikjeldene bli liggande under bakken for å nå to-gradersmålet, meiner eg dette er ei uklok haldning. Både økonomisk politikk og oljepolitikk er best når han får nasa opp frå den fossile olja, og retter blikket framover mot det som kan bli bærekraftige løysingar.

Den gode bonden
Dette handlar ikkje om kamp mellom generasjonar, men om solidaritet og forvaltaransvar. Viss kvar generasjon skal skape mest mogeleg for seg sjølv på kort sikt vil vi ende opp med dessert- og oppvaskgenerasjonar som avvekslar kvarandre.

Gode bønder har som mål å etterlate seg jorda dei forvaltar i litt betre stand når neste generasjon kjem, fordi denne generasjonen skal ha moglegheita til å leve godt. Denne haldninga burde vi lære av.