Tidlegare sokneprest Matias Austrheim melde seg i helga ut av Presteforeningen i protest mot sentralstyret sitt vedtak om å opne for at homofile kan få gifte seg i kyrkja.

Kjell Arne Steinsvik/ Møre-Nytt
Kjell Arne Steinsvik/ Møre-Nytt

– Dette er ikkje noko kjekt for meg. Eg har vore medlem i Presteforeningen i førti år, og det har vore ei god fagforeining. Men no har dei gått over grensa ved å gjere eit slikt vedtak på eit punkt der det er stor teologisk usemje. Med dette vedtaket, kan eg ikkje vere med i Presteforeningen, seier Austrheim.

LES OGSÅ: Prestane seier ja til å vie homofile

Støttar seg til bispemøtet
Det var i førre veke at eit samrøystes sentralstyre i Presteforeningen sa ja til at det skal utarbeidast ein liturgi som tillet kyrkjebryllaup for homofile.

I oktober i år la Bispemøtet fram enn læreuttale der åtte av tolv biskopar sa at dei ønskjer at kyrka skal få ein liturgi for viglse av homofile par. Til avisa Vårt Land sa leiar Gunnar Mindestrømmen i Presteforeningen følgjande:

– Mange prestar opplever det no vanskeleg for sitt samvit at dei ikkje får lov til å vige likekjønna. Bispemøtet har gjort ei læremessig avklaring som inneber at kyrkja godtek homofilt samliv. Den naturlege slutninga av det er å opne for at likekjønna par kan vigast i kyrkja.

Forankring
Austrheim er ikkje åleine i avgjerda si om å melde seg ut av fagforeininga. Fleire prestar og biskopar har dei siste dagane gjort det same. Årsaka er at dei ikkje kan støtte utarbeidinga av ein liturgi som gjer at prestane kan vige likekjønna par.

– Vedtaket til Presteforeningen er kontroversielt både i kyrkja og i Presteforeningen. I Presteforeningen har sentralstyret gjort dette utan noko demokratisk organisasjonsmessig handsaming. Eg synest Presteforeningen har skubba fleirtalet i bispemøtet framfor seg her, seier Austrheim.

Han vart overraska då han høyrde om avgjerda.

– Ekteskapet har alltid vore definert som eit forhold mellom ei kvinne og ein mann. Noko anna er ein kulturell nykonstruksjon. Ein ting er at samfunnet og politikarar bestemmer det, men kyrkja må vere forplikta til det som er Bibelen og kyrkja si forankring.

– Viktig med fagforeining
Utmeldinga vert altså gjort i protest for å markere si usemje mot vedtaket.

– Det er greitt for meg å synleggjere det og få sagt ifrå på denne måten, synest Austrheim.

– Vil du vurdere å melde deg inn att om Presteforeningen snur på vedtaket?

– Eg får sjå på utviklinga. Eg synest det er viktig å ha ei fagforeining som kan ta vare på våre fagpolitiske saker.

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48

Kommentarar

ANNONSE