Dei nye detekheltane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Han startar 10. mars, og kanskje blir det ein tredje runde med «Trio» også. Iallfall er størstedelen av finansieringa klar.

– Vi har sikra oss desse barna i fleire år, ler produsent Rune H. Trondsen i produksjonsselskapet Nordic Stories. «Desse barna» er trioen som dannar sjølve kjernen i det som blir omtalt som «Bobseybarna møter C.S.I.»:

Nora, Lars og Simen blir spelt av Naomi Hasselberg Thorsrud (11), Oskar Lindquist (12) og Bjørnar Lysfoss Hagesveen (13).

Nora den tøffe og hardtslåande byjenta som flyttar til bygda, der ho blir venn med Lars (Bjørnar), som sit i rullestol og er eit datavidunder, og den viltre kompisen Simen, spelt av Oskar.

LES OGSÅ: Vaffelhjarte kan få pris i USA

Vikingskatt
I første runde, som har premiere 4. januar, er det «Odins gull» dei jaktar på. Nærare bestemt ein forsvunnen vikingskatt, som også andre – og skumlare – folk er på jakt etter.

Trekløveret leitar i nærmiljøet, som er Skjåk i Gudbrandsdalen. For ikkje berre var lokalsamfunnet svært så positive overfor filmteamet: Selskapet bak håpar også at serien skal kunne «gå heim internasjonalt», som Trondsen seier, med flotte actionscenar frå fjellheimen. For action blir det – i fullt monn. I kvar einaste episode er det også litt «kvardagskrim» som skal løysast, i tillegg til det å leite etter vikinggullet.

– Er dette «Broen» for barn, regissør Atle Knudsen?

– Krim for barn må takast på alvor, men det er vel heller vi vaksne som sjølv vart inspirerte til å lage ei form som både treffer barna og dei vaksne, slik også «Svingen» gjorde, seier Knudsen, som i tillegg til «Svingen»-seriane stod for «ORPS» og «Vaffelhjerte».

LES OGSÅ: Heider for nynorsk barne-tv

Saka fortset under biletet.


Oskar Lindquist (f.v.), Naomi Hasselberg Thorsrud og Bjørnar Lysfoss Hagesveen spelar hovudrollene i det nye, storstilte actiondramaet for barn og ungdom,"Trio – Odins gull», som har premiere på NRK i januar. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK

– Nok skummelt
Sjølv om ungdommane finn både lik og er på skumle oppdagingsferder, passa Knudsen på ikkje å gjere det for skummelt.

– Berre «nok» skummelt! Liket finn dei i dagslys, vi kunne gjort det mykje meir uhyggeleg, seier Knudsen med glimt i auget.

Søndag fekk alle dei unge skodespelarane og familiane deira sjå alle ti episodar i strekk. Korleis var det å sjå seg sjølv i ein storserie som denne?

– Det kjennast rart, seier Naomi.

– Det er som å sjå ein annan enn meg sjølv, meiner Oskar, medan Bjørnar gliser og gjerne innrømmer: – Eg synest det var gøy.

LES OGSÅ: Lilyhammer gjer nynorskhuer populære

– Lite til felles
Ungdommane vart plukka ut etter solide auditionrundar, der regissøren leitte etter nokon som dukka opp og «vart» rollekarakteren sin.

– Dei skal passe til rolla, og kanskje ser du også ei indre innleving hjå dei som dei ikkje er klare over sjølv, seier Atle Knudsen og fortel om korleis han køyrde ein dramaskule med dei i forkant av innspelinga.

Men kva synest dei tre skodespelardebutantane om sine respektive rollekarakterar, skapt av vaksne?

– Eg har nesten ikkje noko til felles med Nora! Ho er veldig aggressiv, sjølv om ho også føler for å hjelpe andre. Eg måtte lære å slå – og å bokse, seier Naomi.

– Simen er veldig korttenkt, seier Oskar, medan Bjørnar – som måtte lære seg å køyre rullestol for rolla – meiner han har lite til felles med Lars, som i serien er ein eksperthackar med ein utstyrspark norsk politi ville vore misunneleg på:

– Jo, vi er begge interessert i data. Lars er kul, han klarar det meste.

Måtte kysse
Innspelinga skildrar dei som gøy, med eitt unntak.

– Den siste scena var mest vanskeleg. Det var litt rart, og så stod 30 menneske og såg på meg. Det var flaut, seier Naomi om sluttscena, medan Bjørnar og Oskar berre ler og regissør Atle seier at «det gjekk jo greitt».

– Aha, du måtte kysse ein av gutane?

– Ja!!!

Fleire eventyr ventar under neste runde med «Trio»-innspeling. Der er det jakta på det norske digitale gullet, som sjølvsagt er lagra i fjellet i Skjåk, som opptek NRK Supers nye heltetrio.


Det går dramatisk for seg i det nye norske barne- og ungdomsdramaet «Trio – Odins gull», som har premiere på NRK Super 4. januar. Her finn dei tre unge heltane sitt første lik. Foto: NRK / Handout / NPK

Faktaboks

«Trio – Odins gull»

• Krimserie i 10 episodar som har premiere på NRK Super 4. januar

• Passar for barn i alderen 9– 12 år

• Produsert av Nordic Stories og FabelAktiv

• Manus står Morten Hovland («Bestevenner») for saman med Trond Morten Kristensen Venaasen («Hubert», «Elleville Elfrid»).

•  Handlinga og mykje av innspelinga er lagt til Skjåk

• Hovudrolleinnehavarar er Naomi Hasselberg Thorsrud (11) frå Oslo, Oskar Lindquist (12) frå Oslo og Bjørnar Lysfoss Hagesveen frå Øyer

• Regissør er Atle Knudsen frå Leirsund i Akershus