Mattilsynet åtvarar mot dette

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mattilsynet åtvarar mot dette

Dagleg bruk av antiperspirantar med aluminium kan gjere at du får i deg for mye aluminium. Antiperspirantar gir deg meir aluminium i kroppen enn noko anna kjelde.

LES OGSÅ: Lite gift i norsk mat

Uforsvarleg
67 prosent av norske menn og 85 prosent av norske kvinner brukar antiperspirantar kvar dag for å hindre sveitte og ubehageleg lukt, går det fram av ei Synovate-gransking. Forbrukarane får i seg mange gonger meir aluminium frå antiperspirantar enn frå noko anna kjelde. Etter Vitskapskomiteen for mattryggleiks (VKM) berekningar er eksponeringa 30– 50 gonger høgare enn det ein vurderer som helsemessig forsvarleg. Opptaket kan vere endå høgare for dei som brukar antiperspirantar på barbert hud.

– Vi er bekymra for den totale mengda aluminium vi får i oss, både frå kosmetikk, mat og andre produkt. Antiperspirantar viser seg å vere den største kjelda til den aluminiumen vi får i oss gjennom kosmetikk, seier Merethe Steen, seksjonssjef i Mattilsynet.

Aluminium finst naturleg i mange matvarer, i enkelte legemiddel, tilsetningsstoff, kosmetikk, kosttilskot, i tatoveringa du har på armen eller frå emballasje og kjøkenreiskapar som er i kontakt med maten.

LES OGSÅ: Opnar for meir gift i maten

Pressar EU
Mattilsynet legg no press på EU for at ein skal få ein europeisk regulering av aluminium i kosmetikk.

– Vi ønskjer at EU skal utarbeide grenseverdiar for aluminium i antiperspirantar. I tillegg meiner vi at forbrukarar bør gjerast kjent med risikoen ved desse produkta. Då kan forbrukarar sjølve velje kor viktig desse produkta er for dei og kor ofte dei meiner dei treng å bruke desse. Ein kan enkelt redusere eksponeringa for aluminium ved å redusere talet på påføringar, seier Steen.