Bergensforskarar endrar evolusjonsteorien

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarar endrar evolusjonsteorien

Det viser ny forsking frå Universitetet i Bergen og Uni Sarssenteret.

– Dette endrar korleis vi tenkjer om utviklinga av dyr. Ho skjer ikkje gradvis, frå det enkle til det komplekse slik ein har trudd, seier forskar Kevin Pang til uib.no.

Han er ein av dei som står bak den nye studien som forandrar evolusjonsteorien.

– Dette er forsking som gir oss innsikt i fortida vår og opphavet vårt, seier UiB-forskar Andreas Hejnol, som er gruppeleiar på Uni Sarssenteret.


Sterke reaksjonar
Den rådande teorien har vore at svampar, som er heilt enkle, utan både nervesystem og musklar, var dei første dyra i utviklinga. Deretter kom maneter med nervesystem, og så kom ribbemaneta, som har både musklar og nervesystem.

Men slik er det altså ikkje.

Teorien om at ribbemaneta er aller nedst på utviklingsstigen vart lansert i to vitskapelege artiklar i 2008 og 2009. Reaksjonane lét ikkje vente på seg.

– Mange vart rasande, og sa at desse dyra ikkje kunne vere dei eldste. Det ville i så fall bety at både nervesystemet og muskelsystema i dyr har utvikla seg to gonger uavhengig av kvarandre, seier Hejnol.

– Då vi publiserte den første artikkelen, sa vi at dette må bevisast i framtida, legg han til.

Og det har forskarane no gjort.

– Vi har brukt den nyaste teknologien og kan stadfeste at ribbemaneta kom først, seier Hejnol.

Forskar vidare
Inne på Uni Sarssenteret sym ribbemaneter i fire ulike tønner. Kevin Pang kjem til å halde fram med å forske på desse dyra.

– No byrjar den interessante delen. Vi har indikasjonar på at nervesystemet i ribbemaneta utvikla seg uavhengig av det vi har, og vil sjå nærmare på korleis nervesystemet fungerer, og kva for fellestrekk og ulikskapar som finst, fortel Pang.

Ribbemanet finst i Norskehavet. Hit kjem ho med ballastvatn frå andre hav. Nokrensomrar har den ein eksplosiv vekst der den et mye plankton.