Det er stor forvirring rundt kva som er miljøvennleg forbruk av raudt kjøtt. Politikarane er ueinige, og forbrukarane er likegyldige.

NPK
NPK

Kjøttproduksjon står for 18 prosent av det totale klimagassutsleppet i verda, ifølgje FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO).

LES OGSÅ: Biff like ille som bil

Mindre kjøtt
Eit miljøvennleg kjøttforbruk er å ete mindre kjøtt.

Men ein fersk studie frå Statens institutt for forbruksforsking (SIFO) viser at norske menn og kvinner i svært liten grad ser på lågare forbruk av kjøtt som effektivt for å redusere miljøproblema i verda, skriv Forskning.no.

Marthe Hårvik Austgulen, forskar ved SIFO, har sett på korleis temaet kjem fram i avisene, og ho har funne ut at miljøvennleg kjøttforbruk får lite merksemd.

I den grad det blir via merksemd er gjennom hovudmotstandarane, landbruksorganisasjonar og miljøvernorganisasjonar.

LES OGSÅ: Fryktar smørkrise vert kjøttkrise

Meir kjøtt
Landbruksorganisasjonane meiner det er miljøvennleg å auke produksjonen av storfe- og lammekjøtt, blant anna fordi vi utnyttar grasressursar, som elles ikkje blir nytta.

Miljøvernorganisasjonane meiner på si side at kjøtt, og spesielt raudt kjøtt, gir ei stor miljøbelastning. Først og fremst på grunn av utslepp av klimagassen metan frå drøvtyggjarar. Men også fordi det er behov for store fôrressursar i kjøttproduksjon.

– Mangelen på konsekvent informasjon gjer oss forvirra og fører til likesæle, meiner Marthe Hårvik Austgulen.

Ho meiner problemet ikkje har blitt mindre med SV og Sp saman i regjering i dei siste åra.

– Argumenta som blir brukte av dei to motstandarane i debatten blir også i stor grad brukt av dei to partia.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48

LES OGSÅ

ANNONSE