Landbrukspessimistane fortset med det dei beherskar best – svartmaling av alt anna enn produksjonstilskot, planøkonomi og høge tollmurar.

I Nationen torsdag 05.12.13 er heile framsida og dobbeltside inni avisa via til dette formålet, under tittelen «Ny regjering skaper uro blant bøndene». Saka omhandla ei spørjeundersøking der gardbrukarar i Norge var spurde om korleis dei føreheldt seg til dei borgarlege sine signal om endring i landbrukspolitikken. Trass i at 70% av dei spurde svara at dei anten ikkje let seg påverke i det heile teke eller at dei ville auka produksjonen, var det dei 20 siste prosent som Nationen via merksemd.

Eg har vakse opp på gard, omgjeve av folk som er glad i norsk mat og norsk landbruk. Eg undrar meg over måten landbruksbevegelsen omtalar dei borgarlege løysingane på norsk landbruk. Eg opplev norske gardbrukarar som innovative, kreative og tilpassingsdyktige. Problemet er at interesseorganisasjonane med Nils T. Bjørke i spissen brukar all si tid på å prate ned all landbrukspolitikk som ikkje er tufta på tilskot, tollmurar eller planøkonomisk ideologi.

Sommaren vi nettopp har lagd bak oss, har vore dramatisk for mange gardbrukarar, mellom anna i mitt distrikt, Gudbrandsdalen. Resultatet av åtte år med raudgrønt styre var at mange norske bønder opplevde å miste store delar av husdyrflokken sin når dei skulle hente dei heim frå beite – dette som følgje av at SV fekk styre det politiske vêret på dette området. Eg har sjølvsagt forståing for at ein må gje og ta i regjering, men når ein har så tydelege og snevre politiske idear og verkemiddel som Senterpartiet, er det desto meir skuffande at dei ikkje får gjennomslag for dette i regjering. Høgre ytra at vi ynskjer ein meir restriktiv og kunnskapsbasert rovdyrforvaltning. Kva gjorde landbrukspessimistane? Dei fortsette å åtvare mot dei borgarlege partia!

6. september i inneverande år gjekk Høgre-ordførar, Erik Unaas, ut i Finansavisen og kritiserte Bondelaget for å vera partiske i sin valkampretorikk. Unaas hadde openbart rett når han påsto at Bondelaget oppmoda folk til å stemme på eit av dei tre sosialistiske partia, og aller helst Senterpartiet. Unaas viste mellom anna til at Bondelaget under sitt årsmøte i Loen inviterte berre representantar frå regjeringspartia.

Etter å ha styrt norsk  landbrukspolitikk i åtte år har Senterpartiet og dei andre raudgrøne partia sett norgesrekord i bruksnedlegging kvart år. Når dei har fått tillit ved to stortingsval og så til dei grader svikta veljarane, blir dei kasta. Likevel fortset Senterpartisvermarane å svartmale nye idear før den nye landbruksministeren har fått satt seg på taburetten. Etter å ha fylgd norsk landbruksdebatt nøye før, under og etter valkampen, er mi oppmoding til landbruksrørsla følgjande: Ja, vi skal ha ein direkte og konstruktiv landbruksdebatt. Ja, vi skal drive kritisk journalistikk og ha ei aktiv fagrørsle. Men eg meiner òg at vi må løfte blikket noko, og spørja oss om det som ikkje har fungert før vil fungere i dag. Når resultatet av åtte raudgrøne år er åtte norgesrekordar i bruksnedlegging, er det kanskje også på tide å prøve andre politiske idear og andre politiske verkemiddel.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48

Kommentarar

ANNONSE