Slutt på distriktsfinalar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Store endringar i MGP

Der blir det tre semifinalar, der fem og fem låtar kjempar mot kvarandre, frå 7. til 9. mars på Folketeateret i Oslo. Desse låtane er plukka ut av ein NRK-jury, som i år har fått inn over 600 bidrag frå låtskrivarar, produsentar og artistar.

LES OGSÅ: På jobb for Grand Prix

MGP-festival
Semifinalane går i direktesending, og det er TV-sjåarane som stemmer fram dei tre beste bidraga i kvar semifinale. Det er dette NRK skildrar som ein «festival».

Veka etter møtest dei ni bidraga som publikum har valt ut i den store finalen. Han går i Oslo Spektrum laurdag 15. mars.

LES OGSÅ: Vil lytta til dei unge

Nettsatsing
Publikum skal trekkjast inn frå starten av gjennom heimesidene til NRK. Det vil bli laga reportasjar der ein kan følgje med på prosessen frå eit bidrag får ja frå MGP-juryen til dei står på scenen i mars.

Til VG lovar musikkansvarleg for MGP Vivi Stenberg at det blir varierte bidrag i delfinalane:

– Publikum får høyre alt frå nedstrippa akustisk gitar til house.