Vil lytta til dei unge

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For meg er hovudargumentet at fylkestinget for ungdom har sagt noko anna, seier Heidi-Kathrin Osland (SV).

Fylkestingrepresentanten frå Kaupanger legg mest vekt på at ungdommane sjølve har vore skeptiske til tilskotet til Melodi Grand Prix. Ungdommens fylkesting i fjor haust uttrykte at 900.000 til delfinale i MGP samstundes som andre kulturtiltak skulle kuttast på, var dårleg prioritering. Det har Osland teke med seg i argumentasjonen, men ho stod heilt åleine om å seia nei til å senda søknaden om MGP-løyving til fylkesutvalet då saka var oppe i plan- og næringsutvalet i mai.

Skeptisk
Fylkesutvalet sa ja, men løyvinga dei tilrådde hamna til slutt på 750.000 kroner. Osland er framleis skeptisk til å gje fylkeskommunale midlar til Melodi Grand Prix.

– Fordi eg tykkjer me har så mange andre gode søknader frå lokale arrangement, seier Osland.

For henne er det ungdommen si meining som veg tungt. Sjølve MGP-arrangementet har ho ingenting i mot.

Til fylkestinget
– Viss me skal ha fylkestinget for ungdom må me høyra på dei og gje dei reell makt. Dei ville prioritera andre føremål, seier Osland.

I dag og i morgon er det fylkestingsete i Balestrand, der saka om fylkeskommunalt tilskot til delfinale i MGP i Florø neste år ligg i tilrådinga frå fylkesutvalet under justeringar for driftsbudsjettet.

Osland varslar at ho truleg vil røysta i mot på fylkestinget også, men det er også mogleg at SV kjem med eit alternativt framlegg. Osland kan neppe rekna med å vinna fram med eit avslag på søknaden om tilskot, ettersom andre parti har stilt seg positive til det. I fylkesutvalet var det berre partifelle Norvall Nøringset som røysta i mot å gje tilskot.

LES SAKA I SOGN AVIS!