– Frigjerande å skrive på dialekt

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vann pris for Haua-dialekt

 – Dette var veldig kjekt. Då eg byrja å skrive låtar, trudde eg ikkje det skulle gå an å koma seg utanfor sitt eige dialektområde. Men det gjorde det altså, sa ein audmjuk Tønes under tildelinga på Det norske teatret.

Leiaren i Norsk Målungdom, Vebjørn Sture, delte ut den trettande dialektprisen til musikar Frank Tønnesen. Visesongaren kjem frå Sokndal heilt sør i Rogaland. Han representerer ei relativt ukjend dialekt.

– Haua-dialekta er elles sjeldan å høyre i riksdekkjande samanhengar, men den har Tønes sett ettertrykkeleg på kartet, seier Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom, i grunngjevinga for tildelinga.

LES OGSÅ: Harald Rønneberg får dialektprisen

Frigjort med dialekt
Tønes debuterte allereie i 1996 med albumet «Rett te håves», og har lenge vore svært populær i heimfylket. Det nasjonale gjennombrotet kom først for alvor i fjor, med albumet «Sån av Salve», som hausta to spellemannsprisar.

– Tekstane og songane hans møter gjenklang og gjenkjenning på tvers av både alder og interesse. Tønes er såleis eit godt dialektføredøme for både store og små, utdjupar Sture. 

Fleire fans har opna augene for dialekta til Tønes. Sjølv meiner han at det er lettare å formulere seg på sitt eige språk.

– I byrjinga skreiv eg bokmål. Men då eg byrja å skrive dialekt, var det lettare å koma inn på livet, og skildre verkelegheita slik eg oppfatta henne. Det var frigjerande å skrive på dialekt, seier Tønes, som set pris på Dialektprisen.   

– Eitt av dei viktigaste kjenneteikna for det eg held på med, er at eg brukar dialekt. Då er det veldig kjekt å få ein pris frå nokon som tek dette med språk og dialekt så seriøst. 

LES OGSÅ: Therese Johaug får dialektprisen

Første rogalending

Dialektprisen vart oppretta i 2001, og blir delt ut kvart år av landsstyret i Målungdommen. I år er første gang prisen går til ein rogalending. 

Målungdommen meiner årets dialektprisvinnar er kreativ og original, og markerer seg innafor ein annan sjanger enn kva tidlegare vinnarar har gjort.

Vebjørn Sture understrekar at dialektprisen både er ei feiring av det norske dialektmangfaldet, og ei påminning om at det framleis finst statusskilnader mellom talemåla våre.

– Det er ikkje mange andre som får Stavanger-folk til å synge på Haua-dialekt. Å sjå og høyre dialekten sin i andre samanhengar enn den reint lokale, er ofte det som skal til for at folk blir stolte av han. Og det er akkurat det Tønes sørgjer for, seier leiaren i Norsk målungdom.

LES OGSÅ: Lars Vaular får dialektprisen

LES OGSÅ: Dette er Noregs mest sexy dialekt
 

Faktaboks

Tønes

• Frank Tønnesen (fødd 1972)

• Visesongar, gitarist og låtskrivar frå Hauge i Sokndal, Rogaland

• Debuterte med albumet «Rett te håves» (1996)

• Fekk Prøysenprisen og to Spellemannsprisar for «Sån av Salve» (2012) 

Tidlegare vinnarar:

• 2012: Harald Rønneberg, programleiar

• 2011:  Therese Johaug, skiløpar

• 2010:  Lars Vaular, artist

• 2009: Eli Kari Gjengedal, vêrmeldar

• 2008: Linda Eide, morokvinne på fjernsyn

• 2007: Ingrid Bolsø Berdal, skodespelar

• 2006: Hopalong Knut, rockgruppe

• 2005: Are og Odin, moromenn på radio

• 2004: Ravi, artist, Vestfold

• 2003: Filmen United v/Magnus Martens, regissør

• 2001: Tungtvann, hiphopgruppe