– Greitt med «korsnekt»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rådet hadde fått inn 46 klager etter at NRK gjorde det klart at kanalen forbyr programleiarane i nyheitssendingane på TV å bere eit smykke forma som eit kors.

Spørsmålet blei til ei sak då journalist Siv Kristin Sællmann ikkje fekk lov til å ha på seg kors-smykket sitt på TV då ho var nyheitsanker på NRK Sørlandet.

Mange av klagarane reagerer sterkt på avgjerda og skriv at dei kjenner seg støytte og provoserte av «korsnekten».

Men forslaget frå leiar i Kringkastingsrådet May Helen Molvær Grimstad om at NRK må kunne tillate bruk av religiøse symbol, fekk ikkje tilslutning frå nokon av dei andre medlemmene i rådet då det blei behandla måndag.

I svaret til klagene presiserer nyheitsdirektør Per Arne Kalbakk at NRK ikkje har eit generelt forbod mot å bere religiøse symbol på jobb. Han understrekar likevel at det i nyheitssendingane på TV er stilt større krav til nøytral framferd for programleiarane. (©NPK)

Kva meiner du? Burde det vera lov å ha på seg smykke med kors for nyhendeopplesarar? Eller bør ein vera heilt nøytral i det ein har på seg?