– BI best i Noreg
Financial Times rangerer BI som Noregs beste handelshøgskule framfor NHH.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
På den ferske, årlege kåringa til storavisa Financial Times kjem BI på 44. plass av Europas beste businessutdanningar. Hovudkonkurrenten Norges Handelshøgskole (NHH) i Bergen kjem på ein 46. plass.
– I utgangspunktet er det ein gemytteleg, stimulerande konkurranse mellom oss, eg meiner me gjer kvarandre gode. Men det klart det er deileg å setja nasetippen framfor, seier BI-rektor Tom Colbjørnsen til Dagens Næringsliv.
Han viser til samarbeidet som BI har med Fudan University i Shanghai som forklaring på kvifor dei vinn over NHH i år. BI flyr over fagfolk til Shanghai og står for to tredjedelar av undervisinga på leiarutdanningsprogrammet (MBA-grad) ved det kinesiske universitetet.
LES OGSÅ:Vil hungra etter Kina-kunnskap
Faktaboks
Financial Times' rangering av Europas beste businesskular
1. HEC Paris
2. IE Business School
3. London Business School
4. Esade Business School
5. Insead
6. Iese Business School
7. University of St Gallen
8. SDA Bocconi
9. IMD
10. Rotterdam School of Management