Livsstilhjelp i praksis

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Seks studentar var i praksis på Sogn frisklivssentral og fekk nyttig erfaring med å hjelpa folk til livsstilsendring.

Samarbeidet mellom høgskulen og Frisklivssentralen er nytt, men begge partar, og studentane sjølve, er svært nøgde med utbytet.

– Me har lært mykje om korleis me skal prata med personar, få dei til å forstå, å klara å laga eit opplegg som dei meistrar og å læra dei å pusha seg sjølve, seier Ann Charlotte Kvellestad.

LES OGSÅ: – Husarbeid er fullverdig trening

Såg framgang
Saman med Ann-Merete Risøy er ho ein av studentane som har hatt ti økter med individuell oppfølging av ein deltakar i Frisklivssentralen. Å sjå progresjon og framgang hos deltakarane har vore svært motiverande for studentane.

– Å ha deltakarane «ein til ein» var kjekt. Me fekk utfordra oss der, seier Risøy.

Dei to studentane opplevde pliktoppfyllande deltakarar, som etter kvart meistra ting dei hadde lite sjølvtillit til i starten. Mellom anna på ulike ballspel, som mange ser på som vanskeleg å handtera. Men opplegget er designa for å senka terskelen slik at flest mogleg kan ta del i aktivitetar. Resultata viser at det har fungert, for det er framgang på testane studentane har utført på deltakarane i samband med praksisen.

LES OGSÅ: Me sveittar meir enn før

Nøgd deltakar
Ein av deltakarane, Britt Breisnes, har også mange lovord om Frisklivssentralen. Sjølv opplevde ho at praksisstudenten gav ho ein dytt i ryggen, samstundes som at ho tok omsyn. Breisnes meiner tilbodet har vore til god hjelp for å koma i gang med trening, og det har gjeve effekt.

– Eg hadde ikkje kome så raskt tilbake i jobb utan hjelp frå Sogn frisklivssentral, seier Breisnes.

Studentane har hatt praksis her i samband med eit emne i studiet idrett, fysisk aktivitet og helse, og det er første gong høgskulen og Sogn frisklivssentral har samarbeidd på denne måten. Fire studentar har hatt individuell treningsoppfølging med kvar sin deltakar. Studentane har også drifta tre ulike aktivitetstilbod under rettleiing frå frisklivssentralen: ballspel, vassgym og stavgang-gruppe.

– Dette har vore eit spennande samarbeid som har gagna begge to, og har gjeve positive resultat, seier Elisabeth Rygge i Sogn frisklivssentral.

– Dette var det beste me kunne få, og passa som hand i hanske til dette emnet, seier høgskulelektor og emneansvarleg Einar Ylvisåker.

LES OGSÅ: – Du må opp i puls

Stort behov
I framtida er grunnlaget altså godt for å utvikla praksissamarbeidet vidare.

Tilbodet starta først i Sogndal i 2007, og er no eit interkommunalt samarbeid mellom Sogndal, Leikanger og Luster. No er det 110 deltakarar tilknytt tilbodet. Frisklivssentralen er ein viktig del av folkehelsearbeidet i kommunane, men Rygge trur folk treng å få vita meir om tilbodet.

– Det er behov i alle tre kommunane. Frisklivssentralen tilbyr individuelle samtaler, røykeslutt-hjelp, rettleiing om kosthald, og tilbyr folk å delta på aktivitetane. Og det meste er gratis, seier Rygge.

Ho legg til at deltakarane ikkje treng vera sjuke for å nytta tilbodet, det er nok at dei treng litt hjelp til å koma i gang med livsstilsendring.

Saka var først publisert i Sogn Avis.