Ny studie gir håp for behandling av Alzheimers sjukdom.

mm
Faktaboks

Diabetes
– Hormonsjukdom som inneber mangel på insulin, eller at insulinen ikkje verkar.
– Type 1 vil seie øydelegging av  dei insulinproduserande cellene.
– Type 2  er ein stoffskiftesjukdom som gjer at sukkernivået i blodet er for høgt fordi insulinet ikkje verkar. 
– Kvart år blir mellom 6000 og 7000 nordmenn råka av diabetes. 600 frå type 1- diabetes, resten blir råka av type 2.
– Rundt 25 000 nordmenn har type 1- diabetes.
– Rundt 350 000 nordmenn har type 2 – diabetes.

Kjelde: Norges Diabetesforbund

Alzheimer(s)
– Hjernesjukdom som er blant dei vanlegaste grunnane til utvikling av demens.
– Sjukdommen medfører at nerveceller i hjernebarken og djupare delar av hjernen endrar seg og døyr.
– Typisk vil ein pasient leva 4-10 år frå ein stiller diagnosen, men dette kan variera.
– Visse medikament kan redusera symptom på sjukdommen og utsetja utviklinga av han.

Kjelde: Wikipedia

LES FAKTALUKK FAKTA

Kring 35 millionar menneske har alzheimers. Flesteparten av dei treng kostbar omsorg. I 2011 kosta sjukdommen 130 milliardar dollar berre i USA. Innan 2050 reknar ein med at talet på menneske med alzheimers vil tredobla seg. Enno veit ingen heilt kva som forårsakar sjukdommen eller korleis han øydelegg hjernen. Det finst enno ingen måte å unngå sjukdommen, eller ein måte å bli frisk.

LES OGSÅ: Fem millionar sofagrisar døyr kvart år

Sterk samanheng
Ein ny studie omtala av tidsskriftet New Scientist viser ein større samanheng mellom alzheimers og diabetes enn nokon har funne før. Studien kan tyda på at alzheimers er ein sein fase av diabetes type 2. Allereie er det kjent at menneske med diabetes type 2 er blant dei med størst risiko for å få alzheimers, og fleire studiar i det siste har styrkja hypotesen om ein samanheng.

Ewan McNay frå universitetet i Albany er mellom dei som står bak studien som no vekkjer merksemd. Forskarane har gjennom forsøk på rotter vist at det kan gå an å snu Alzheimers.

– Kanskje ein bør bruke medisin mot Alzheimers allereie medan ein har diabetes for å hindra kognitiv svekking seinare, seier McNay til New Scientist.

LES OGSÅ: Diabetes med kvit ris

Livsstilsjukdom
Type 2 diabetes er ein sjukdom der sukkerinnhaldet i blodet er høgare enn normalt. Sjukdommen er ofte forbunde med overvekt og fysisk inaktivitet. Kring 350000 nordmenn har diabetes type 2, og talet på menneske med denne sjukdommen er aukande over heile den rike delen av verda.

Viss det er slik at alzheimers er ein sein fase av diabetes type 2, kan kanskje dette bety at det vil bli endå fleire folk med alzheimers i framtida. Men det treng ikkje sjå mørkt ut. Sidan diabetes type 2 blir sett på som ein livstilssjukdom, er det mogleg å gjera noko.

Me kan ha fått endå ein grunn til å trena og eta sunt.

New Scientist skriv i ein leiarartikkel, at om endå fleire studiar peikar på ein samanheng mellom diabetes type 2 og alzheimers er det endå større grunn til å slå kraftig på folkehelsetromma.

LES OGSÅ: Ein farleg livsstil

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE