Noreg bryt EØS-reglar om forureining

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan bli dømt for dårleg luft

Ifølge det europeiske kontrollorganet ESA er lufta som mange nordmenn pustar inn så forureina at Norge bryt med EU-direktivet om rein luft som styresmaktene forplikta seg til i 2008. Dette melder NRK.

I starten av november sendte ESA eit brev til den norske regjeringen som listar opp tre punkt der Noreg går mot luftkvalitetsdirektivet:

• Grenseverdiane for blant anna nitrogendioksid (NO2) og svoveldioksid (SO2) i landets største byar blir broten.
• Noreg manglar ein handlingsplan for reinare luft.
• Noreg har ikkje sørgja for målingar som er presise nok.

ESA meiner, på vegne av EFTA, at Noreg har brote EØS-direktivet, med mindre dei innan utgangen av januar 2014 får informasjon som viser noko anna. Neste steg er då ei sak for Domstolen i Luxembourg dersom Noreg ikkje innrettar seg slik direktivet krev.

LES OGSÅ: Pustar seg til døde

Ønskjer trygg luft
ESA byrja å undersøkja saka etter at Norges Astma- og allergiforbund sendte inn ein klage i 2011.

– Astma- og Allergiforbundet er glade for han drahjelpa dette gjev oss i arbeidet vårt for helsetrygg luft i byane våre, seier generalsekretær Trond Solvang i ei pressemelding.

– At ESA har konkludert på den måten dei har, viser at det varskuet me har ropt i fleire år er reelt og noko norske styresmakter må ta på alvor. Me har tru på at norske politikarar kan, og vil, løysa dette. Det står ikkje på viljen, men det er trong for ein overordna plan som er konkret og gjennomførbar, legg han til.

– Det er sjølvsagt ikkje noko mål for oss at Noreg blir straffa for dette, tvert imot, me hjelper gjerne til med all kompetansen vår og velvilje for å kontrollera at svaret frå norske styresmakter tilfredsstiller forventningane til ESA slik at saka ikkje behøver å gå vidare, poengterer Solvang.

LES OGSÅ: Ungdom må betala for dårleg luft

Vil rydda opp
– Me må gjera det me kan slik at me ikkje hamnar i ESA-domstolen på dette. Noreg må ta ansvar, og det må kommunane og staten gjera saman, seier miljøvernminister Tine Sundtoft (H) til NRK.

– Eg synest ikkje Noreg skal vera kjent for at me har dårleg luftkvalitet. Det er kommunane som er ansvarleg, men også staten må gjera sitt, held Sundtoft fram.