– Me er ikkje skapt for å sitje i ro

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Byggjer på fordommar

– Eg tenkjer at eg må gjere mitt arbeid i den grad eg kan. Eg er overtyda om at så lenge eg gjer noko eg likar er det større sjans for at eg klarar meg, seier Bjørn Egil Tolås frå Voss.

LES OGSÅ: Treskjeraren frå Gran

Sjølvdreidde bein
Til dagleg arbeider 22-åringen som møbelsnikkarlærling på Dovre. Han snekrar og pussar dagen lang. Først fram til middag, deretter litt til.

Nesten alle møblane i hybelen er heimesnekra. Stovebordet har sjølvdreidde bordbein. Han ville ha eit bord som skil seg litt frå resten av stove-Noreg. Det laga han sjølv.

Spisebordet og seks tilhøyrande stolar, ein tv-benk, glashylle og veggskåp, alt har han laga sjølv. Produksjonen er stor. Restar har vorte til teljoshaldarar. Treet kjem frå skogane og sagbruket heime i Evanger i Voss. Furu og ask.

– Bjørn Egil er den store helten, han arbeider 200 prosent, seier Heidi Karsten, som er ansvarleg for lærlingane i Senter for Bygdekultur på Dovre, der Bjørn Egil Tolås er tilsett.

– Eg har rykte på meg for å vere produktiv, smilar Bjørn Egil.

LES OGSÅ: Møbelrenessansen

Ekstrautfordring
Ein ser det ikkje med det same, men Bjørn Egil har ein muskelsjukdom. Det er ein versjon av ein sjeldan arveleg sjukdom kalla spinal muskelatrofi. Sjukdommen gjer at musklane ikkje vert bygd opp slik dei skal, og ein vert difor gradvis svakare.

– Eg slit med å gå langt og å løfte tungt, fortel handverkaren.

Han har fått reaksjonar frå folk som ikkje skjønar at han ikkje berre tek støtte frå NAV og reiser til Syden for å slappe av. Men det er ikkje hans stil.

– Eg får heile tida beskjed om at ting er vanskeleg, men eg meiner det heller er utfordrande. Eg har alltid tenkt at menneske ikkje er skapt for å sitje i ro og sjå i veggen.

Bjørn Egil er ei av solskinshistoriane frå NAV. Han har berre lovord å kome med om oppfølginga og tilrettelegginga han har fått. For Voss NAV-kontor har vore positive til og støtta utdanninga hans i treskjering og møbelsnekring.

LES OGSÅ: Renessanse for smedfaget

“Pensjonistår”
Heime på garden i Evanger på Voss driv fosterforeldra sagbruk. Det er mellom anna der han har fått interessa for materialet tre.

Etter eitt år på Design og Handverk på Voss vidaregåande, tok han seg eitt ”friår” med pensjonistane på Voss folkehøgskule. Her gjekk han på kurs og lærte han tredreiing og litt treskjering. Herfrå oppmoda ein lærar han til å søkje seg til Hjerleid Handverksskole, den einaste vidaregåande skulen i landet som tilbyr treskjerarutdanning.

LES OGSÅ: Gullsmed med sølvstreng

Saka fortset under biletet.


Middagsbordet med seks stolar til og tallerkenhylla er alle heimesnikra. 

Møblar frå Sardinia
No har han fått fleire trebein å stå på, og har gått vidare som møbelsnikkarlærling. Til oktober neste år kan han ta fagbrevet, men fyrst ventar ei anna utfordring. På skrivepulten – som er ein av dei få møblane han ikkje har produsert sjølv – ligg ei italiensk ordbok.

– Eg er klar til å reise til Italia i morgon, men det er ikkje før i januar.

Han gler seg veldig til å oppleve Italia gjennom utvekslingsprogrammet til Da Vinci-stiftelsen, men det var ikkje berre lett å få plassen. I over tre månader skal han lære handverk i den vesle italienske byen Alergio på Sardinia. Ein plass der tradisjonshandverk framleis står sterkt.

– Dei stussa som alle andre og lurte på om det går greitt å sende han her ut av landet. Dei har aldri sendt ut nokon med den graden av handikap som eg har, fortel 23-åringen.

Draumen om Vestlandet
For det er ikkje berre enkelt å skaffe seg læreplass eller jobb når ein har ein kronisk sjukdom. Han har erfart at potensielle arbeidsgjevarar verkar positive på telefon, men trekk seg når han fortel om sjukdommen.

– Eg trur det byggjer på fordommar, seier arbeidsjarnet.

Då skulle dei sett stova hans. Den fungerer ypparleg som CV.

Sjølv om han trivst på Dovre er han litt innstilt på å kome seg vestover att. Draumen er å ein dag få sin eigen verkstad. Kanskje satse på turistnæringa med unike suvenirar. Men først: Italia.