Bøtelagt for feil niste

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trebarnsmor Kristen Bartkiw sende med to av borna sine middagsrester som var sett saman av roastbeef, poteter, gulrot, ein appelsin og mjølk.

Då borna kom heim låg det ei bot på fem dollar per born fordi måltidet mangla kornprodukt. Barnehagen hadde då gjeve borna Ritz-kjeks i tillegg for at dei skulle få alt som reglane for barnehagen seier. Reglane baserer seg på kosthaldsråd i Canada.

LES OGSÅ: Blir meir opplagd av felleslunsj

Poteter ikkje godkjent
Bartkiw seier til Global News at ho trudde at potetene kunne reknast med og gjera dette til eit fullverdig måltid. Bartkiw sit sjølv i styret i barnehagen og støtta reglane som skulle sikra at alle born har med seg sunne måltid.

– Det skulle forhindra at einskilde born berre hadde med seg ein pizzabit kvar einaste dag, seier Bartkiw til Global News.

I bota sto det: I dag har lunsjen til borna dine vorte supplert med Ritz-kjeks. Måltid som er laga til borna, anten av foreldra eller barnehagen skal ha, 1 mjølk, 1 kjøt, 1 korn og 2 frukt/grønsaker. Korn mangla.

LES OGSÅ: Dårleg kosthald er omsorgssvikt

Skiljer ikkje sunt og usunt
Bartkiw sende historia til matbloggen til Weighty Matters. Saka blei raskt viral og har spreidd seg til medium over heile verda. Kristin Bartkiw seier til Weighty Matters at hadde ho sendt med borna mikromat, pølse med brød, oste pop, sukkertøy med fruktsmak og ein juiceboks hadde maten vorte godkjent.

Ho understrekar at ho er nøgd med barnehagen borna er i, men reagerer på at reglane tek ikkje omsyn til om måltidet er sunt, berre at alle dei fastsette typane mat er med.

Etter at saka fekk så mykje merksemd har barnehagen gått over til varm lunsj. Noko Bartkiw skildrar som veldig bra.

LES OGSÅ: Vil ha gratis skulemat