Statoil vil utvikle Europas største flytande vindpark

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Blir Europas største

Prosjektet består ifølgje Stavanger Aftenblad av fem flytande turbinar i Buchan Deep-området, som ligg 20– 30 kilometer utanfor kysten av Peterhead i Aberdeenshire.

Den flytande vindparken byggjer på Statoils prøveprosjekt Hywind utanfor Karmøy, som har vore i testdrift sidan 2009.

The Crown Estate, som forvaltar eigedommar tilhøyrande Storbritannia, skriv i ei pressemelding at dette er det største flytande vindprosjektet i Europa og blant dei største i verda. Dei har forhandla med Statoil om avtalen i to år, og Statoil jobbar no med å sikre nødvendig samtykke frå den skotske regjeringa.

– Vi vil no halde fram med utviklinga av vindparken utanfor Skottland mot eit endeleg investeringsvedtak, seier Siri Espedal Kindem som er direktør for fornybar energi i Statoil.

Den flytande vindmøllekonstruksjonen består av ein stålsylinder som er fylt med ballast beståande av vatn og stein. Han strekkjer seg 100 meter ned under havoverflata og er festa til havbotnen med tre ankerfeste. (©NPK)

Les fleire saker om vindkraft her!