rotbløyte

Jostein Avdem Fretland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

me to var i roma, det er berre ei veke sidan, me budde i testaccio og gjekk alle stader, var ikkje innom verken buss eller t-bane så lengje me var der. på piazza de santa maria in trastevere kom brått eit regnvêr på oss, ikkje noko voldsomt, men slik at me var takksame for nrk sogn og fjordane-paraplyen far min sende med oss på flyet, berre i tilfelle. me takka meir eller mindre høfleg nei til dei meir eller mindre venlege paraplyseljarane som dukka opp or inkje, og gav oss på heimveg, austover, mot elvi.

det neste kvarteret hugsar eg best i eit bilete; som ein aztekarpyramide, du veit, chichen itza, ei slik som veks trinnvis oppover og blir smalare og smalare til du mest ikkje greier å stå på øvste trinnet. for slik kan regnet av og til vera, at du kjenner og høyrer at det dett jamt ned, men så høyrer du brått at det brakar ein stad, og da veit du at no kjem det meir, og så intensiverer det seg i løpet av eit sekund, så berre ligg det på det trinnet, dett og dett, til du høyrer det brakar att, og sjølv om du trudde det regna så hardt som det kunne, finn du at no dett det enno hardare og tettare enn før, dropane klaska hardare mot huda og dammane rundt deg blir djupare og djupare di meir du går.

dei fyrste par trinni nådde me i gatene i trastevere, eitt i via dei salumi, eitt i via michele. fyrst braket og så vekti av vatnet, som om me bar ein ryggsekk og nokon berre kasta ein mjølsekk på toppen. på veg over tiberen nådde me eit nytt, og såg korleis dropane som datt på den stillfarne elvi brått kom tettare og plaska meir.

det siste trinnet, det aller høgste trinnet på pyramiden, nådde me på eit gatehjørne eit par kvartal frå leilegheiti vår i via luca della robbia. me sto og venta på å få koma over vegen, eit par av desse stereotype roma-småbilane skulle køyre fyrst, ein fiat og ein liten citroën, og medan me sto der i det som etterkvart berre kan karakteriserast som eit helsikes høljeregn høyrde me braket ein gong til, og me såg på kvar andre med forundra augo og tenkte nett det same, «det går ikkje an, det kan ikkje koma meir no».

så kom det, dettande ned som i ein foss, som om nokon stod med ei kjempebytte over hovudi våre, som om me hadde tapt eit idiotisk game show, det rann som om skyene brast og alt vatnet i dei himmelske demningane berre kom for å fløyme jordi ein gong for alle. der sto me og såg på kvarandre og idet me kjende dette siste trinnet koma, idet me skjønte at dei siste turre flekkane av klede og sko kom til å vera blaute i løpet av dei neste sekundi, i den augeblinken brast me òg, lo som me var galne, skratta høgt og turka rennande hårlokkar frå fjesi til kvarandre, instinktivt, ugjennomtenkt lått, på grunn av det komiske og absurde i det heile, og fordi at når alt kom til alt så var me like glade. 

det gjorde ikkje noko, fordi me var saman, fordi me var så blide og glade for å vera der at me ikkje brydde oss om skjorter klistra seg til armane og om skorne kjendest som å gå berrføtt i gjørme. og eg tenkjer at det kanskje er det eit slikt regnvêr, eller å gå på feil tog, eller å impulskjøpe noko kjempedyrt og skummelt, kan fortelja oss om det to menneske har saman. når all jordi blir vaska vekk og berre røtene syner att på oss, blaute og nakne; ler me av lukke?

eg lo, og ho lo. det er alt eg treng å veta.

Først publisert i Magasinett.