Pust og akrobatikk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tøyer intimgrensene

Som sistemann kjem ein tilfeldig yogainteressert inn frå gata. Han måpar når han ser kva han skal gjere. I yogarom er det roleg musikk og mykje pust. I dette rommet er det i tillegg luftige svev.

LES OGSÅ: Italiensk vri ved breen

Fuglar og flaggermus
Noregs første og einaste sertifiserte acroyogainstruktør, Zooey Ma, og medhjelparen demonstrerer backbird og frontbird med ein deltakar. Slik ein leika fly som liten, men litt meir avansert. Seinare skal dei sju deltakarane lære overgangen til bat. Namnet flaggermus gjev ein indikasjon på kva veg stillinga er.

– Skal eg slippe skuldrene? ler ein base litt nervøst.

Basen, som ligg under, og flygaren, som no har gått frå å ligge horisontalt til å verte ei flaggermus, har hjelp av minst ein spottar, som sikrar. No skal flaggermusa henge fritt – opp ned.

Det er mykje informasjon om kva kroppsdelar som skal kvar for dei ferske yogaakrobatane.

LES OGSÅ: Mat ikkje naudsynt?

Ung sport
– Folk tykkjer gjerne at det ser litt skummelt ut til å byrje med, men vert overraska over kor lett det er, fortel instruktør Zooey Ma.

Den yogabaserte treningsforma er heilt ny i Noreg, og relativt ny verda. Faktisk er det i år ti år sidan Jenny Sauer-Klein og Jason Nemer grunnla treningsforma acroyoga i USA. 

Zooey møtte først treningsforma for fem år sidan, då kjærasten hadde prøvd det i utlandet. 25-åringen venta på at det skulle kome til heimlandet, men fann til slutt ut at ho måtte ta saka i eigne hender. I sommar vart ho den første sertifiserte acroyogainstruktøren i Noreg.

– Eg er oppteken av korleis det har hjelpt meg. Det har verka helbredande og lært meg å stole på andre. For meg er det veldig spirituelt, utan å eigenleg vere spirituelt. Det er veldig “hands on”, seier Zooey, som har reist mykje for å lære yoga.

Saka fortset under biletet.

Kursdeltakar Line Kolstad får vere med å demonstrere backbird og frontbird.

LES OGSÅ: – Husarbeid er fullverdig trening

Acropreformance
Før ho kunne starte på acroyoga-opplæringa måtte ho sertifiserast innan ein meir tradisjonell yogaretning. Ho vart budokonyogainstruktør i Miami og har reist rundt i europeiske storbyar for å trene og lære med andre acroyogainstruktørar. Nettverket vert stadig større. All reisinga har ikkje vore billig, difor vil ho ikkje vil summere opp.

Etter å ha halde workshops i Noreg og utlandet, har ho no fått faste timar på Puroyoga i Oslo. Men det er ikkje berre, berre å rekruttere folk til ei såpass ukjent treningsform.

Zooey har trent acroyoga på Karl Johan med ein israelsk kollega, noko ho hadde litt sperrer for i byrjinga. Men å vise er den beste måten for å rekruttere.

– Eg gler meg til våren når eg kan gjere det i parkar.

Både klima og kultur opplevast som eit lite hinder for å gjere acroyoga ute og slik skape interesse I Noreg.

LES OGSÅ: Sightseeing og salsa

Intimgrensetest
Line Kolstad (26) har vore på workshop med Zooey før, og er kome attende for meir.

– Det er kjempegøy, fordi ein lærer noko nytt kvar gong, noko eg får veldig meistringskjensle av, fortel Kolstad, som gjorde ein god backbird som flygar.

I tillegg til å verte utfordra fysisk på yogatøyelegheit og acrobatikk får deltakarane testa intimgrensene sine. Det er “hands on”, mykje kroppskontakt. Kommunikasjon og samspel er viktig.

– Det vert eit tredje element når ein jobbar med andre i tillegg til seg sjølv, meiner Andrew Smistad Edwards, som sjølv er instruktør i moderne yoga.

27-åringen har prøvd acroyoga i Thailand og ser med interesse på demonstrasjonane til Zooey og flygaren hennar.

– Det er utfordrande, konkluderer ein annan av deltakarane.

Einsleg instruktør
Med to ledd i høgda vert tyngdeoverføring eit tilleggsmoment til balanse og konsentrasjon. Tryggleik er viktig, men det er òg leik.

– Mi personlege utfordring er at det ikkje er nokon i Noreg som er betre enn meg, og då kan utfordre meg, fortel Zooey.

Sambuaren byr på litt utfordring, men Zooey passar òg på å treffe andre instruktørar jamleg.

– Det er litt rart at eg driv med noko akrobatisk, for eg er ingen akrobat.

I tillegg til å utfordre seg sjølv akrobatisk trivast Zooey med å skape trygge omgivnadar for andre slik at dei kan utfordre seg sjølv.

– Eg har lyst å arbeide meir med barn. Og ungdom, ikkje minst. Dei kan verkeleg ha bruk for å utfordre intimgrensene sine og stole på andre.

Andrew Smistad Edwards følgjer nøye med når bat vert demonstrert.

Avspenning er ein sentral del av yoga.