– Ha det, me snakkast etter ferien, sa Mohamed til venene sine i Ulvik før vinterferien i 2010. Han visste ikkje at det skulle verta tre vanskelege og dramatiske år før dei treftest att.

Sigrid Seim, Avisa Hordaland
Sigrid Seim, Avisa Hordaland

Mohamed Ali er ein spebygd 17-åring, som er i ferd med å ta att undervisning som han har gått glipp av ved ungdomsskulen på Brakanes i Ulvik. Han kom til bygda som fireåring, og har alle sine barndomsminne herfrå. Småbarnstida i Somalia hugsar han ingenting frå.

Til Ulvik kom han saman med mora og to sysken. Faren hadde reist fyrst til Noreg. I Ulvik fekk han seinare fire nye sysken. At familien hans ikkje var heilt slik han trudde, skulle det visa seg fleire år seinare. I 2008 vart Mohamed norsk statsborgar.

– Eg gjekk i barnehagen, og eg gjekk på skulen. I starten var det vanskeleg å forstå språket, men eg lærte etter kvart. Ulvik var heilt perfekt, syntest eg!

Mohamed fekk mange venner, og han fekk vist si store interesse for fotball.

– Eg spela fotball heile tida. Var ein ekte fotballgut.

– Var du god?

– Ja, eg er god, slår han blidt fast. Han kunne vera saman med venene i skuletida, ut over det var det litt vanskeleg.

– Eg fekk ikkje lov å gå på besøk til vener, og dei kunne ikkje koma heim til meg. Foreldra mine sa det var på grunn av religionen vår, men eg skjønar ikkje det, seier han no.

Frå tidleg i sommar har Mohamed Ali budd i Ulvik att, men utan nokon av familien sin. Han har valt å bu åleine, og tek imot journalisten med venleg tilbod om kaffi, i den vesle leilegheita han har. Etter ei stund ringjer Trond Helle på døra. Han er verje for Mohamed, og brukar ein god del tid saman med han.

Mohamed vil gjerne fortelja historia si, om det som skjedde då dei reiste på vinterferie i 2010. Tanken bak er at andre som opplever liknande ting må vera sterke og fortelja om det, dei og!

I vinterferien 2010 skulle heile familien på reise. Dei hadde alt dei eigde med seg.

– Dei sa fyrst at me skulle til Danmark. Men på flyplassen fortalde dei at me skulle til England. Eg vart både forvirra og overraska. I London budde dei fyrst hjå ein slektning, før dei fann ein eigen stad å bu. Syskena hans fekk etter kvart gå på skule, men ikkje Mohamed. «Neste år», sa dei. Han fekk heller ikkje lov å gå ut, eller bruka internett. Heimen vart rett og slett eit fengsel. Kontakt med skulen og venene i Ulvik var umogeleg.

LEVDE PÅ EI LØGN.– Så ein dag ba dei meg setja meg, for dei ville fortelja meg noko. Då fortalde dei at eg ikkje var sonen deira, dei var ikkje mine rette foreldre. Eg trudde fyrst at dei tulla! Så starte eg å grina, for eg var så forvirra.

Dei to han trudde var foreldra hans, hadde teke hand om han for at han skulle få sjansen til eit betre liv. «Mora» var i realiteten halvsystera hans, dei to hadde same far. «Faren»var mannen hennar, men altså ikkje far til Mohamed. I realiteten var han sjølv onkel til dei andre «syskena» sine.

– Eg vart heilt sjokkert. Og eg vart veldig trist, seier han alvorleg.

– Eg ville helst ha visst dette tidlegare!

Mohamed lagar hermeteikn i lufta når han snakkar om dei han trudde var foreldra hans. Dei har ikkje fortalt han noko om dei biologiske foreldra, men Mohamed tenkjer av og til på dei og lurar på kvar dei er.

I to år vart Mohamed halden innandørs i London, mot sin vilje. Han trur dei vaksne gjorde det av frykt for at han skulle fortelja til venene i Noreg at dei ikkje var foreldra hans. At dei hadde loge for styresmaktene om identiteten hans. Sjølv klarte han ikkje finna nokon måte å kontakta vener og kjente i Noreg.

– Dei låste døra også frå innsida. Eg såg på TV, og spela fotballspel, det var stort sett det eg kunne gjera. Og så jobba eg litt heime, vaska litt, forklarer han.

«Faren» var ein del ute, men hadde ingen jobb. Inntekta kom frå staten, meiner Mohamed.

«Mora» hadde nok jobb med familien. Sjølv klarte han å læra litt engelsk frå fjernsynet, i tillegg til det han hadde lært på skulen i Ulvik.

– Eg burde fått gå på skule. Eg ville ha vore ute og spela fotball, og vore ute med vener. Mohamed sit i den grøne sofaen sin og snakkar roleg om den vanskelege tida. I desember i fjor vart han glad, for endeleg skulle han få koma ut av fengselet sitt. Saman med «faren» skulle han til Somalia på ferie.

Dei to kom til Mogadishu og budde fyrst tre veker på hotell. Så ein dag fortalde «faren » at Mohamed skulle få møta ein mann. Mohamed kom til eit hus med mange menneske i, og ein gamal mann som spurde kven han var.

– Eg sa kva eg heitte. Men eg forsto ikkje så mykje av det dei snakka om, for eg kan ikkje så mykje somalisk. Så sa han at han var onkelen min. Eg vart sjokkert.

UTAN PASS I SOMALIA.Mohamed trudde «faren» skulle koma og henta han att dagen etter. I staden ringte ein ven av «faren» og fortalde at han hadde reist attende til England. Verst av alt: han hadde teke passet til Mohamed med seg!

I ettertid tolkar han dette som at «foreldra» ikkje ville ha han i England lenger, sidan han ikkje var sonen deira. Men onkelen ynskte å hjelpa han, og kontakta ein son som bur i England. Han lova på si side å kontakta den norske ambassaden i Kenya, for å få dei til å hjelpa Mohamed. I mellomtida fekk Mohamed oppleva lovløysa og uroa i Mogadishu på kroppen.

– Viss eg var ute såg alle på meg, for eg hadde finare kle og skilde meg ut.

Brått ein dag vart han teken av politiet, som var væpna. Mohamed hadde vanskar med å gjera seg forstått, han var både skremd og skjøna lite av det dei sa til han.

– Det var heilt forferdeleg, eg kjende kor hjarta mitt banka heile tida! Eg har aldri opplevd noko slikt. Han vart halden i eit bekmørkt rom, til onkelen hans etter ein halvtime kom og forklarte kven dei hadde fengsla. Politiet trudde eg var ein terrorist, seier Mohamed.

Ein annan gong han var ute saman med onkelen sin, kom ein mann og peika han ut og hevda han var «Al-Qaida».

– Eg vart heilt paralysert og veldig skremt. Onkel forklarte kven eg var, og då skjedde det ikkje noko meir.

Mohamed både høyrde og registrerte støvskya etter ein sjølvmordsbombar som ein dag tok fleire liv i nabolaget der han budde.

Stadig høyrde dei bombing, om natta. Sjølv om onkelen og familien hans ikkje høyrde til mellom dei fattigaste i byen, hende det likevel at dei ikkje hadde mat. Ein gong gjekk det tre dagar, berre vatn hadde dei å drikka. Huset var annleis enn Mohamed var van med, der deler av det var utan tak. All uvissa, uroa og vanskane med å sova om natta, gjorde Mohamed fortvila.

– Av og til hadde eg mest lyst til å døy, ikkje leva lenger. Men no kjennest det litt annleis, forsikrar han og smiler forsiktig. Mohamed klarte til sist å få kontakt med vener i Noreg att, over Facebook. Han betalte ein dollar på eit bibliotek for å få nettilgang. Fyrst då han la ut eit bilete av seg sjølv forsto venene i Ulvik at han var den dei kjende frå før.

– Eg fekk forklart alt, og dei lova at dei skulle hjelpa meg.

TRUDDE PÅ HAN. Det tok nemleg fleire månader før syskenbarnet hans i England klarte å få kontakt med ambassaden i Kenya. Men ein dag fekk dei ein telefon, og Mohamed fekk forklart korleis situasjonen var. Seinare fekk han møta utsendingar frå ambassaden, som også hadde vore i kontakt med rektor på Brakanes skule. Dei skjøna at Mohamed snakka sant.

– Eg sa at eg ville tilbake til Noreg, og etter to veker fekk eg naudpass. Tidleg i juni i år vende dermed Mohamed attende til Ulvik. Det var dit han ville.

– Det var veldig kjekt å møta venene mine att! Eg vart så godt motteken, smiler han.

– Det er her eg kjenner folka, og alle kjenner meg. Saman med barnevernet, rektor og andre støttespelarar vart det ordna slik at han fekk ein stad å bu, og fekk ta til på skulen att, for å fullføra.

– Eg hadde gløymd mykje av språket, etter tre år borte frå skulen Trond Helle tok på seg å vera tilsynsperson, og har seinare vorte verja hans. Dei brukar ein god del tid saman, på trening, på turar, med matlaging og anna. Når Mohamed fyller 18 neste år er han formelt vaksen, men han kan framleis ha bruk for nokon som hjelper og støttar han.

Trond Helle er villig til å vera med vidare, dersom det er ynskeleg. Eitt av stega inn i det nye livet vart finna seg eit nytt etternamn. Det er nett no kome på plass, og Mohamed Ali verkarkanskje kjent for mange.

– Det er på grunn av boksaren, ja! Og det er eit veldig vanleg namn i Somalia.

EI ANNA VERD.Å bu åleine, utan familie, er ikkje berre fryd og gaman.

– Av og til er det litt kjedeleg og trist. Men eg har fridomen, eg kan gjera alt eg vil. Eg kan vera med venner, forklarer han.

– Kva har dei siste åra gjort med deg som person?

Mohamed innser at han kanskje er litt annleis enn andre på sin alder, etter det han har vore gjennom.

– Eg har sett to forskjellige verder. Og eg klarte dette sjølv, som 14-, 15- og 16-åring. Somalia er ikkje så bra som hjå oss her. I Somalia er det ikkje skule til alle, legg han til.

Trond Helle trur at Mohamed også har tapt noko, samanlikna med norske jamaldringar. Han har ikkje kunna ta del i oppgåver og samfunnsliv på same måten som ein ungdom i Ulvik.

– Kva tenkjer du om framtida di?

– Eg har ikkje tenkt på kva utdanning eg skal velja. Eg veit ikkje kva eg skal verta. Eg likar fotball, og så synest eg elektro er interessant.

På skulen har han arbeidd med å skriva ned opplevingane sine. Han har også fortalt heile klassen om det han har vore gjennom. Det var mange som lurte på kva som gjorde at han vart borte.

Trond Helle såg at Mohamed i starten var veldig glad for å vera attende i Ulvik.

– Det var mykje smil. Etter kvart som me har vorte betre kjende, ser eg at det han har opplevd av og til viser att. Men han er ein snill og grei ungdom, glad i selskap og å ha folk rundt seg. Ein positiv gut, seier Trond Helle.

– Har hendingane gjort at han er vaksen, utan å få tid til å vera ungdom?

– Han må vera litt vaksnare enn andre, og ta seg av husarbeid, kle og matlaging. Ta ansvar for å stå opp i tide om morgonen, legg verja til.

– Men når han no er kome inn i rutinane, må han få lov til å vera litt ungdom òg. Sova lenge av og til, eta ferdigpizza, ha seine kveldar med vennene, smiler Trond Helle.

Mohamed protesterer ikkje.

Les saka i Avisa Hordaland!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE