Til saman 125 distriktsordførarar frå heile landet har gått saman om eit opprop for eit lokalt forankra nærpoliti.

NPK-NTB-Jan-Morten Bjørnbakk
NPK-NTB-Jan-Morten Bjørnbakk

Ordførarane protesterer mot forslaga i politianalysen som vil føre til at talet på tenestestader vert redusert frå 354 til 210.

– Vi tar sterk avstand frå sentraliseringa av politi- og lensmannskontora i politianalysen. Kor mange politidistrikt vi endar opp med, er meir underordna. Eg har ikkje noko imot at det blir færre politidistrikt. Men eg har veldig mykje imot at ein kuttar i nærpolitiet, seier ordførar Kjetil Hestad (Ap) i Tysnes kommune i Hordaland til NTB.

Ikkje blålys-politi
Han er ein av tre initiativtakarar til oppropet som meir enn ein firedel av ordførarane i landet har skrive under.

– Dette er eit sterkt signal om uroa som no herskar i Distrikts-Noreg der stadig fleire opplever at responstida frå politiet allereie er for dårleg. Vi er ansvarlege for kriseberedskapen i kommunane. Då kan vi ikkje ha eit politi som kjem med blålys når noko skjer. Vi treng eit nærpoliti som kjenner kommunen, seier Hestad.

Store konsekvensar
Måndag møter ordførar-aksjonen justisminister Anders Anundsen (Frp) og oppropet blir overlevert både til han og til Stortinget.

– Vi håpar at statsråden tar inn over seg at vi er 125 ordførarar no, og kanskje endå fleire på måndag som seier at politianalysen ikkje kan gjennomførast utan at det får store konsekvensar i Distrikts-Noreg, seier ordføraren.

– Meir politikraft
Justisministeren understrekar overfor NRK at politianalysen er under behandling, og at det er for tidleg å seie om tenestestadene blir nedlagde. Anundsen seier han set pris på engasjementet frå ordførarane.

– Men formålet med politianalysen er å skape meir politikraft, og det trur eg ordførarane er einige i, seier Anundsen.

Tysnes-ordføraren er klar på at Anundsen må skape meir politikraft ved å følgje ei anna utgreiing enn politianalysen – nemlig bemanningsstandarden «Politiet mot 2020» der malen er å ha to polititenestemenn per 1.000 innbyggjarar.

Botnplanke
– Trass i forsikringar om at nærpolitiet skulle vere botnplanken, får vi ein politianalyse som er eit administrativt forslag. Då steilar Distrikts-Noreg fordi vi ser at det er ei storstilt nedbygging av politi- og lensmannskontor. Vi er ikkje interesserte i eit politi på hjul som skal komme som tilfeldige gjester, seier ordføraren.

Han understrekar at kommunane er interesserte i å vere konstruktive og finne gode modellar. Då må ein ikkje starte med å ta vekk politi frå tenestestadene.

– Vi ønskjer sjølvsagt meir politi i gatene. Men det må ikkje gå på kostnad av lensmannskontor og politikontor ute i distrikta. Det er ikkje forskjell på innbyggjarane i distrikta og i byane. Begge har like mykje krav på tryggleik, seier Hestad.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48

LES OGSÅ

ANNONSE