Fekk prøvesmake på matfaget

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er ei praktisk linje, og eg likar godt å lage mat, så dette er noko eg kunne tenke meg å lære meir om. Eg vurderer å starte her, fortel Marita Wedlog frå Myklebust ungdomsskule i Vanylven.

Saman med venninnene Solvår Skår og Martine Bondhus er ho i gang med å lage mørk sjokoladesabayonne. Fint skal det nemleg vere.

LES OGSÅ: Uroa for kokkefaget

Fireretters
Faglærar Trond Urkegjerde har førebudd 14 stasjonar elevane skal innom. Undervegs skal dei lage ein fireretters middag.

– Det handlar om alt frå matlaging til oppdekking og servering. Eg klarer ikkje å vise dei omfanget av faget utan at det minst inkluderer ein fireretters, seier han.

Menyen verkar eksklusiv. Forretten er sushi, deretter følgjer marinert og steik kongekrabbe, kylling beignet, og mørk sjokoladesabayonne til dessert.

På kvar stasjon får ungdomsskuleelevane hjelp av elevar frå den vidaregåande skulen.

– Elevane må få prøve seg sjølve og oppleve meistring, seier Urkegjerde.

Og det er det som fristar Marita Wedlog også.

– Faget verkar å vere kreativt og utfordrande, men når du har laga noko og fått det bra til, gir det ei god meistringskjensle, meiner ho.

LES OGSÅ: – Smak på maten før du serverer

Saka fortset under biletet.


Vurderer skule i Ørsta neste år. Solvår Skår, Marita Wedlog og Martine Bondhus frå Myklebust ungdomsskule i Vanylven kunne godt tenke seg å gå restaurant- og matfag.

Populært
I år går det 28 elevar på restaurant- og matfag. Urkegjerde trur interessa for faget berre vil auke.

– Alle må ha mat. Fokuset på matlaging og utnytting av råstoff vert berre meir og meir aktuelt. Her får dei lære å lage mat, både med ny teknologi og nytenking, men også på gamlemåten, med metodar som kanskje ikkje er så kjende lenger. Og faget handlar også om marknadsføring og servering og service. Det er omfattande, men elevane som er innom verkar å vere svært interesserte, så det er veldig kjekt å sjå.

Saka var først publisert hjå Møre-Nytt.

Faglærar Trond Urkegjerde på restaurant- og matfag på Ørsta vidaregåande skule viser fram noko av det elevane fekk lage; kylling beignet. I bakgrunnen er Marita Gjelsvik i ferd med å frityrsteike kyllingen.