Noreg både veks og krympar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trondheim sokk ein meter

Sidan det førre høgdesystem blei innført i 1954 har både landjorda og havnivået endra seg, målemetodane er blitt meir nøyaktige, og krava til presis posisjonering er blitt større. Kartverket med samarbeidspartar er derfor i full sving med å innføre eit nytt høgdesystem i alle kommunane i landet.

Allereie i desember og januar får 28 kommunar nye høgder, medan resten av landet følgjer etter dei komande åra, ifølgje Kartverket.

LES OGSÅ:Atlanteren krympar

Trønderane jekka ned
Mesteparten av Noreg blir høgare med det nye systemet, og det er i Trysil høgdene ligg an til å bli justert mest opp – med opptil 40 centimeter. Enkelte stader blir landet lågare enn før, mellom anna er Sørlandet i snitt justert ned med 10 cm.

I Trondheim, som gjekk over til det nye høgdesystemet allereie i 2011, er høgdene «jekka ned» med heile 90 centimeter. Årsaka til denne store endringa er at trønderhovudstaden ikkje har justert høgdesystemet sidan 1890.

Høgdesystemet som per dags dato blir brukt i dei fleste kommunane, stammar frå 1954. Men dette systemet er ikkje korrigert for landhevinga dei 60 siste åra. Noreg hevar seg med nokre millimeter kvart år, på nokre stader med inntil 5 millimeter årleg.

QUIZ: Har du peiling på norsk geografi?

Avgjerande for byggjebransjen
Med det nye høgdesystemet, NN2000, får Noreg det same europeisk systemet som også er innført i nabolanda våre. Presisjonsposisjonering og bruk av satellitteknologi (GPS) blir stadig viktigare i fleire bransjar, og då er nøyaktige høgder avgjerande til dømes når ein skal plassere hus og vegar, eller få vass- avløpsleidningar til å helle rett.

Dei nye høgdene får derfor mykje å seie mellom anna for planleggjarar, arkitektar og entreprenørar, påpeikar Kartverket. Planen er at det meste av Sør-Noreg skal vere dekt innan 2015, medan kommunane i Nord-Noreg kjem over på det nye høgdesystemet i 2016.

På nettsidene til Kartverket kan ei klikke seg inn på eit kart som viser kor mange centimeter høgdene ligg an til å bli justert med i dei ulike delane av landet. (©NPK)

LES OGSÅ: Me har fått 18.000 km lengre kyst