Fjører vert strama opp og grisehår fylt i gamle stolar, som får sin renessanse. Årleg valfartar fleire hundre nordmenn til Dovre for å lære eit handverk.

mm

– Eg har alltid hatt lyst å lære meg å trekkje møblar, så hadde eg ein gamal nabo som var møbeltapeteserar, fortel Mari Enger-Myhre.

Ho er busett på Dombås, men dei andre fem damene som deltek på det vekeslange kurset i møbeltapetesering på Hjerleid Handverksskole er tilreisande. Møblane har deltakarane sjølv teke med. Det er slitne bruktfunn og gamle arvestykke. Ihelsitte og flekkete trekk skal bytast ut med noko meir moderne. Fjører og innmat skal stramast opp.

LES OGSÅ: Treskjeraren frå Gran

Svigermorfars stol
Eris Davis har vore på helgekurs i møbeltapetesering før, og er komen attende for meir. Sist gong vart ikkje alle stolane ferdige, men denne gongen har møbelsnikkarlærlingane fått i oppdrag å hjelpe med dei brekte delane. Ho meiner det er god kvalitet på dei gamle møblane, og at det difor er for gale å kaste dei.

–  Eg kunne gjort det heime, men her får eg fagleg støtte. I tillegg klarar eg å ta meg tid til det å få konsentrert meg, fortel ho, medan ho stiftar trekk.

– Denne stolen fekk min manns morfar i seksti eller syttiårsgåve, fortel Davis, som til dagleg driv gardsdrift med servering og overnatting.  

No er stolen kome tilbake til gards, men trong ei overhaling. Han har vorte pussa og avfeitta, samt fått nytt fyll og trekk.

LES OGSÅ: Møbelsnikkaren

Saka fortset under biletet.


Eris Davids har vore på fleire ulike handverkskurs før.

Pensjonistovervekt
Ifølgje kursansvarleg Heidi Karsten er restaurering av gamle møblar i vinden. Skulen starta opp med kurs i møbeltapetesering i fjor, og vonar å auke til tre kurs i året neste år.

– Det vert mange pensjonistar, når det er vekeslange kurs. Men me har fått spørsmål om tiåringar kan gå på smikurs. Då sa me nei, fortel ho.

Mellom 300 og 400 personar deltek årleg på ulike handverkskurs på Hjerleid. Dei lærer alt frå møbeltapetesering og lafting til forgylling og smiing. Sjølv om pensjonistane er i fleirtal held dei ungdomskurs, i tillegg til avtalte kurs for både barnehagar og skular.

LES OGSÅ: Renessanse for smedfaget

Få lærlingar
Møbelsnekkar Nina Hurum merkar òg ei stor interesse for faget, men då helst på hobbybasis.

– Det er praktisk å kunne reparere møblar sjølv og eg trur det er mange som saknar å kunne eit handverk, seier Hurum.

Ho er ein av få som satsar på ein karriere som møbeltapetserarar. Berre kring fem personar vert lærlingar i faget årleg.

– Me ynskjer oss fleire, fortel Hurum, som til dagleg arbeider i Kampen møbeltapetesering i Oslo, der det ikkje er mangel på oppdrag. Alt frå småstolar til serveringsstader som treng ei oppfrisking.

LES OGSÅ: – Me er eigentleg for seint ute

Mormors gamle stol
Kursdeltakarane er tolmodige og arbeider gjerne ekstra etter middagstid. Det er måling og pirk med fjørene inni. Det er trass alt dei som gjer forskjellen på ein god og dårleg stol eller sofa. Ein gammal pianokrakk får nytt liv. Han risikerer framleis å stå til pynt, men no med eit finare trekk.

Sjukepleiar, landskapsarkitekt og kaféeigar er alle møbeltapetserarar for ei veke.

Ei måler opp avstanden mellom dei nye fjørene på den gamle stolen ho fornyar. Det er hardt arbeid å strame dei til. Dette er tredje kurset hennar i møbeltapetesering.

Ein annan kursdeltakar har med seg to gamle stolar frå mormor. Det handbroderte trekket skal skiftast ut, men treng ikkje gå i søppelbøtta for det.

Saka fortset under biletet. 


Sjukepleiar Trude Morønning frå Gjøvik er attende på sin gamle skule for å lære møbeltapetsering.

Rumpeslitast
For skulen er marknadsføring ei av utfordringane. Ryktet går gjerne på folkemunne, og fleire av deltakarane kjem attende.

Sjukepleiar Trude Morønning frå Gjøvik kjende skulen godt frå før. Ho gjekk sjølv på møbel og trefagslina her på vidaregåande, før karrieren tok ei anna vending. No er ho tilbake for litt påfyll.

– Det er nesten litt meditativt å arbeide sakte på denne måten, i ein kvardag som elles skal gå så fort, seier ho, og set tolmodig nålene i stoffet som dekkjer den nye innmaten av ull og krøllull – som er grisehår.

Etter to dagar er mykje av arbeidet gjort, og ho har framleis tre att. Dei fleste arbeider no med trekk bortsett frå stakkarane som slit med å få fjørene perfekte. Davis sin stol har fått store delar av trekket på plass og ho kan no prøvesitje arvestykket. Når baksida og stiftane er dekka skal det heim og rumpeslitast på nytt.

 

 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.48

LES OGSÅ

ANNONSE