Ideelle offer med sterke nettverk

Framtida
Publisert
Oppdatert 06.11.2017 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva er det med Maria Amelie?

4744 personar vart sendt ut av Noreg i 2011. 42 prosent av sakene som vart skrive om desse personane handla om Maria Amelie.

Forskarane Øyvind Ihlen og Kjersti Thorbjørnsrud ville finne ut av kvifor nokre saker får så mykje meir merksemd enn andre. Det skriv UiO på sine nettsider.

– Idelle offer
I ein artikkel i European Journal of Communication ser dei to forskarane ved Institutt for medier og kommunikasjon ved UiO på tre saker om såkalla illegale innvandrarar som har fått stor mediedekning.

LES OGSÅ: Vil gi dei blåblå ny sjanse

Forutan Maria Amelie, såg forskarane på Nathan-saka, om den seks år gamle guten som hadde budd heile sitt liv i Noreg, og Navrud-saka, om ei ung mor frå Fillippinene. Forskarane meiner det finst fleire liknande historier, som ikkje fangar media si interesse.

– Felles for dei tre historiene er at dei dreier seg om personar som er godt integrerte. Dei snakkar godt norsk, og har ein identitet som er knytt til Noreg. Vi kan identifisere oss med dei, seier Thorbjørnsrud på UiO sine nettsider.

I tillegg skildrar ho dei tre som ”ideelle offer”:

– Ein liten gut, ei ung jente som kom i tenåra, og ei mor med ein liten baby. Det er vanskeleg å ikkje få sympati med desse personane, seier forskaren.

Sterke nettverk
Det er likevel ikkje nok til å forklare mediedekninga. I tillegg har sakene til felles at personane har sterke nettverk av støttespelarar, som er aktive overfor journalistar, lagar arrangement og aksjonar, og tek kontakt med politikarar.

LES OGSÅ: No smilar Halat

Forskarane finn også at personleg engasjement hjå journalistar er av stor betyding for kvifor enkelte saker får meir merksemd enn andre. I saker om det lille mennesket mot byråkratiet, kan journalistane kombinere sin idealistiske motivasjon med å selje aviser, ifølgje forskaren.

Kampanjejournalistikk
– I enkelte av sakene ser vi også at journalistane bryt prinsippet om journalistisk nøytralitet, og driv ein form for kampanjejournalistikk, med ein klar agenda om at menneska skulle få bli i Noreg, seier Thorbjørnsrud ifølgje UiO.

Ifølgje forskaren syner døma korleis medidekninga kan påverke politikken.

– Vi ser at det fører til politiske ad hoc-løysingar, utan heilskap og som ikkje er tufta på likebehandling og universelle prinsipp, seier ho.

LES OGSÅ: – Ikkje alle er like heldige som meg