Vi betalte 111.500 kroner kvar i skatt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så mykje skatta det norske folk

I tillegg vart personar busett i utlandet ilagt rundt 10 milliardar kroner i skatt til Noreg, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

LES OGSÅ: 33 milliardar til korrupsjonsparadis 

Fleire skattekroner
Den samla personskatten for alle som bur i landet, auka med 6 prosent frå året før.

22,7 milliardar av skatten som vart berekna, var toppskatt. Totalt var det 973.000 personar som hadde toppskatt i fjor, 23.000 fleire enn året før.

LES OGSÅ: Lønsam bustadsparing 

Talet på unge som nyttar seg av bustadsparing med skattefrådrag (BSU), auka like mykje og omfatta 352.000 personar. Drygt dobbelt så mange fekk frådrag for alderspensjon.

Av dei som hadde skattbar inntekt i fjor, låg gjennomsnittleg bruttoinntekt på 395.600 kroner. Gjennomsnittleg skattepliktig bruttoformue, blant dei som hadde det, var 891.800 kroner.