Biskop opnar for fleire friluftsbryllaup

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire får gifte seg ute

Går du med ein draum om å gifta deg på ein romantisk holme, i ein park eller kanskje på fjellet? I så fall har du god grunn til å sjå lyst på bryllaupsplanlegginga. Nye reglar for prestane gjer det no lettare for prestane å bli med ut i friluft for via folk.

 – Slik det har vore, har det faktisk vore strengare reglar for kor ein har kunna gifta seg enn for kor me kan arrangera gudsteneste, seier Sunnhordland-prost Svein Arne Theodorsen.

 Til no har hovudregelen vore at kyrkjeleg vigsel skal skje i kyrkja, med nokre få unnatak, der det har gått an å gifta seg utandørs. Men lista over unnatak har vore kort, og korkje i Stord eller Fitjar kommune har det vore godkjende vigselstader utandørs.

– Ikkje frislepp
– Vigslar har berre kunna finna stad på stader som stod på denne lista. For framtida vil vigsel kunna finna stad utføre kyrkjerommet på stader som er eigna til å feira gudsteneste, og som biskopen godkjenner etter tilråding frå sokneprest og prost, seier Bjørgvin-biskop Halvor Nordhaug til Sunnhordland.

 Han understrekar at dette ikkje medfører noko frislepp, men at det er ei oppmjuking av reglane. Den oppmjukinga tar prost Theodorsen imot med opne armar.

 – Eg er positiv til dette. Det er kjekt at det blir opna for å gje fleire høve til å gifta seg på ein stad som dei synest høver til det, seier Theodorsen.

 Til liks med biskopen, understrekar Theodorsen at dette ikkje er eit frislepp.

 – Det må vera ein stad som er eigna for gudsteneste, og då er korkje Bømlafjordtunnelen eller eit helikopter høvelege stader, seier Theodorsen.

Høveleg stad
For dei som ønskjer å inngå ekteskap i tynn luft, kan det likevel vera håp. Fleire stader i Sunnhordland har det blitt skipa til friluftsgudstenester, som til dømes Fjellhaugen skisenter og på Vardhaugselet i Kvinnherad. Svartavatnet og Smedholmen i Fitjar er også stader det har blitt arrangert gudsteneste.

 – Om dei lokalt synest dette er ein høveleg stad for gudsteneste, kan eg ikkje sjå at det ikkje skal gå an å gifta seg der, dersom brudeparet ønskjer det, seier Theodorsen.

 Prosten har også sett seg ut minst éin høveleg stad på Stord.

 – Dersom nokon ønskjer å gifta seg i Vidsteensparken, tenkjer eg at det vil vera mogleg ut frå desse reglane. Der har det vore gudstenestesamling før, og staden høver seg godt for slike tilskipingar, seier Theodorsen.

– Vil lytta
Han trur denne oppmjukinga som no kjem, kan føra til at færre vel vekk kyrkja når dei skal gifta seg.

 – Ja, det vil eg faktisk tru. Sjølv om det ikkje har vore noko veldig renn av folk som har ønskt dette, vil me no kunna vera meir imøtekommande for dei som har slike ønskje, seier Theodorsen.

 Som prost er det han som skal senda tilrådingane vidare til biskopen, men Theodorsen ser ikkje føre seg at han kjem til å setja særleg med kjeppar i hjula for sunnhordlendingane som vil gifta seg i det fri.

 – Eg vil gjerne høyra kva refleksjonar sokneråda og prestane gjer lokalt, men om dei argumenterer godt for seg vil eg lytta til det, seier Theodorsen.

Saka var først publisert på Sunnhordland.no.

Faktaboks

Utandørs vigsel

  • • Den norske kyrkja sin vigselsliturgi frå 2004 tilseier at vigselshandlinga skal skje i kyrkja eller ein annan gudstenestestad som etter avgjerd av biskopen kan brukast til vigsel.
  • • I praksis har det betydd at svært få stader har vore godkjende for vigsel utandørs. I heile bispedømmet, som dekker både Hordaland og Sogn og Fjordane fylke, har det vore 25 godkjende stader for vigsel.
  • • Biskopen har godkjend fem stader i Sunnhordland prosti som høveleg stad for vigsel. Desse er Halsnøy kloster (Kvinnherad), Kaldestad gamle kyrkjestad (Kvinnherad), Holmedal gamle kyrkjestad (Kvinnherad), Ryvarden fyr (Sveio), Moster Amfi (Bømlo).
  • • No opnar biskopen opp for at fleire stader kan bli godkjende som vigselstad, etter tilråding frå sokneprest og prost.

Kjelde: Bjørgvin bispedøme