– Regjeringa sviktar Søral
Statsbudsjettet til Høgre og Framstegspartiet er dramatisk for Søral.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det nye framlegget til statsbudsjett frå Høgre og Frp kan få dramatiske konsekvensar for Søral og heile Kvinnherad.
Både direktør ved Søral, Per Øyvind Sævartveit, og leiar i Husnes Kjemiske Fagforening, Ørjan Normann, er svært skuffa over at regjeringa vil endra reglane for CO2-kompensasjon.
Endringa gjeld ikkje berre for 2014, men får òg tilbakeverkande kraft, slik at Søral vil tapa rundt 20 millionar i år og 35 millionar neste år, forklarar fagforeiningsleiar Ørjan Normann.
– Dette kom som lyn frå klår himmel på oss og passar ekstremt dårleg basert på den situasjonen vi er i. Vi hadde ikkje sett for oss at noko slikt kunne skje. Dette er eit særs alvorleg løftebrot som er både overraskande og skuffande, seier Sævartveit.
LES OGSÅ: Jubel over CO2-ordning
Miljøverndepartementet nøgd
Statssekretær Lars Andreas Lunden i Miljøverndepartementet forsvarar den nye ordninga, og kjem med eit generelt svar om at Regjeringa sastar på nork industri.
Kvinnheringen stilte mellom anna desse spørsmåla
– Veit regjeringa veit at den med kvotepris-forslaget kan vera med og sløkkja lysa for godt ved hjørnesteinsverksemda i Kvinnherad?
– Langsiktig næringspolitikk og føreseielege rammevilkår har vore viktig i Norge. Kan det å innføra kvoteprisgolv kallast langsiktig næringspolitikk?
Statssekretæren svarar
«Regjeringen fører en politikk som styrker næringslivets konkurransekraft. Vi reduserer selskapsskatten, forbedrer avskrivningsregelene, bygger bedre veier og fører en ansvarlig økonomisk politikk. Samlet betyr dette at rammebetingelsene for industrien styrkes. I 2014 vil vi bevilge penger for første gang til CO2-kompensasjonsordningen. Norge er, sammen med Tyskland, de eneste landene i EØS-området som innfører en slik ordning, og grunnen til at det innføres prisgulv er at risikoen for at norsk industri flagger ut som følge av klimakvotesystemet er lav når kvoteprisen har falt så kraftig som den har gjort nå. Vi planlegger å bruke hele 120 mill. kroner på ordningen. Kompensasjonsordningen er vedtatt og vil gjelde helt frem til 2020, noe som gir forutsigbarhet.»