Tar oppgjer med stereotypiar
SAIH er ute med ein ny kampanje som kritiserer dårleg kommunikasjon i innsamlingskampanjar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I fjor fekk dei stor suksess med Radi-Aid: Africa for Norway. Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond følgjer no opp suksessen med videoen Let’s Save Africa! – gone wrong (sjå under). I eit imaginært univers viser dei fram nokre av dei mest typiske stereotypiane frå innsamlingsvideoar, og som SAIH meiner må endrast.
LES OGSÅ:Naudhjelp til Noreg vekkjer oppsikt
– Med Radi-Aid:Africa for Norway såg me at det er ei enorm interesse nasjonalt og internasjonalt for å endre stereotypiane om utviklingsland. Ofte kan innsamlingsvideoar bidra til å dekkja til årsaker for fattigdom, ved å berre fokusera på nauda til einskildpersonar, seier Anja Bakken Riise, leiar i SAIH.
– Stereotypiar går på ut over verdiheita til einskildmenneske framstilt i videoar, og fører til at mange som ser på blir apatiske til det som skjer ute i verda. Med Rusty Radiator-kampanjen vil me fremja meir kreativitet og nyskaping i kommunikasjonen til organisasjonane, fordi me trur det vil bidra til meir merksemd, kunnskap og engasjement blant folk flest, held ho fram.
LES OGSÅ: Denne plakaten fornærmar Iran
Kårar verstingar
Videoen markerer starten av ein kampanje som endar med ein annonsering av vinnarane den 3. desember. The Golden Radiator Awards og Rusty Radiator Awards tek sikte på å endre måten til organisasjonar å kommunisere utviklingsspørsmål på, ved å lønna dei beste og mest nyanserte innsamlingskampanjene med ein ”Golden Radiator Award”, medan dei som må forbetra kommunikasjonen sin vil motta ein ”Rusty Radiator Award”.
LES OGSÅ: – Tenk større, Stortinget
I Rusty Radiator-kampanjen har ein internasjonal jury nominert det dei meiner er døme på noko av den verste og den beste kommunikasjonen innan innsamlingskampanjar. Juryen består av fem personar med ulik kompetanse innan informasjonsarbeid.
På internett kan ein røyste på favorittane sine til prisane fram til den 3. desember, og vinnarane blir snart annonsert etter avstemminga er avslutta.
QUIZ: Kva veit du om Afrika? Test deg sjølv!
Sjå video om prisen her:
Under kan du sjå dei nominerte til Rusty Radiator-prisen:
Faktaboks
Dei nominerte til Rusty Radiator-prisen er:
50 Centar / Street King Energy
Plan Norge
Child Fund
UNICEF USA