– Tenk større, Stortinget
Det er beskjeden frå ei rekkje ungdomsorganisasjonar til politikarane på Stortinget.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Organisasjonar som representerer kring ein halv million ungdommar møtte i dag politikarar frå dei fleste partia på Stortinget med klare krav.
– Me oppmoda alle politikarane og partia til å tenkja større, fortel leiar i SAIH, Anja Bakken Rise.
Politikarane som møtte var nyvald stortingspresident Olemic Thommessen (H), Snorre Valen (SV), Roy Steffensen (Frp), Marit Nybakk og Dag Terje Andersen (Ap) og Iselin Nybø (V).
– Kampanjen starta opp i valkampen etter at det hadde vore lite fokus på utviklingspolitikk, fortel leiar i SAIH.
LES OGSÅ: Naudhjelp til Noreg vekkjer oppsikt
– Sats på utdanningsbistand
Rett før valet møtte dei utviklingsminister Heikki Holmås (SV) som lova 150 millionar kroner meir til utdanningsbistand neste år.
– Ein kjempesiger, seier SAIH-leiaren. Ho er også nøgd med at regjeringserklæringa til Framstegspartiet og Høgre legg vekt på utdanningsbistand. I erklæringa heiter det mellom anna at dei vil ta ei global leiarrolle i arbeidet med utdanning for alle.
– Det er kjempebra at den nye regjeringa ser på utdanning som viktig i bistandspolitikken. No er me spente på korleis dei konkretiserer det. Høgare utdanning går ofte i gløymeboka, trass i at det er ekstremt viktig i utviklinga av eit demokratisk samfunn. Ofte er det mest fokus på alfabetisering. Det er òg viktig å ha ei utdanning av høg kvalitet, seier Anja Bakken Rise. Ho ønskjer at Noreg aukar bistanden sin til dette.
LES OGSÅ: Denne plakaten fornærmar Iran
– Treng god seksualundervising
SAIH-leiaren er også opptatt av innhaldet i utdanning er viktig.
– Til døme er heilskapleg seksualundervising viktig. Det er også eit middel som er viktig for å oppnå andre mål for utviklingspolitikken, som til dømes mor- og barnehelse og kampen mot hiv.
– Elles er me i SAIH spente på bistanden til Latin-Amerika. Me meiner det er trong for eit større fokus på urfolk og afro-etterkommarar. Dei har lågare utdanning, dårlegare helse og er fattigare enn resten av befolkninga.
Alle organisasjonane stiller seg dessutan bak kravet om at styresmaktene opprettheld og styrkar ordninga med informasjonsstøtte, for å bidra til ein opplyst samfunnsdebatt om utviklingsspørsmål.
Stian Seland (LNU), Snorre Valen (SV), Iselin Nybø (V), Roy Steffensen (FrP), Ingrid Holmedal (Changemaker), Andrea Varga Weme (SPIRE), Hanne Sofie Lindahl (Changemaker), På huk f.v. Mari Gjengedal (SPIRE), Joakim Larsen (Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom), Ingrid Aas Borge (Changemaker), Anja Bakken Riise (SAIH).
Faktaboks
«Tenk større»-kampanjen starta i valkampen for å setja fokus på utviklingspolitikk. Bak kampanjen står SAIH, PRESS, Spire, Changemaker, Operasjon Dagsverk, Norsk Folkehjelps Solidaritetsungdom, Røde Kors Ungdom og Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner.