Dei skattelettane regjeringa foreslår, gir så å seie alle meir pengar i lommeboka viss dei blir vedtatt. Men om Jensen og Solberg gir med den eine handa, så tar dei med den andre.

NPK-NTB-Steinar Schjetne
NPK-NTB-Steinar Schjetne

– Somme roper nok hurra for dette forslaget, mens andre vil føle at dei sit igjen med skjegget i postkassa. Det kjem heilt an på kva for ein livssituasjon ein er i, seier forbrukarøkonom Silje Sandmæl i DNB til NTB.

Når regjeringa vil redusere personskatten frå 28 til 27 prosent, noko finansministeren seier at alle arbeidstakarar med inntekt mellom 350.000 og 1 million kroner får nyte godt av, blir alle skattefrådraga du har krav på, redusert like mykje.

Regjeringa vil dessutan auke trygdeavgifta, noko som fører til at 60 prosent av denne skatteletta blir eten opp, ifølgje VG.

Ektepar med låg samla inntekt mistar det doble botnfrådraget dei har hatt gjennom skatteklasse 2, viss Stortinget vedtar Siv Jensen og Erna Solbergs forslag til statsbudsjett. Ifølgje Finansdepartementet betyr det opptil 13.200 kroner meir i skatt for dei som får full effekt av tiltaket.

Og har du bustadlån i Husbanken, ser det nok enda mørkare ut, i og med at regjeringa ønskjer å meir enn doble påslaget på normrenta frå 0,5 prosent til 1,25 prosent på slike lån.

LES OGSÅ:Droppar studiestøtte i 11 månader

Primært innsparing

– Skattegrepa gir først og fremst gevinst for enkelte ved at arveavgifta blir fjerna og formuesskatten blir redusert. Dei som leiger ut ein bustad, kjem òg betre ut av det enn det dei hadde gjort med forslaga til Stoltenberg-regjeringa om auka skatt på gevinsten av bustadsal, seier Sandmæl.

Ho applauderer forslaget om å auke Bustadsparing for ungdom (BSU) frå 150.000 til 200.000 kroner, men hadde helst sett at auken mona meir. Samtidig reverserer Høgre/Frp-regjeringa forslaget om elleve månaders studiestøtte. Derimot foreslår dei blå å auke månadsstøtta med 345 kroner.

– Det er synd, fordi undersøkingane våre viser at berre 6 prosent av studentane klarer seg på studiestøtta åleine, seier Sandmæl.

Dei blå droppar òg auken i fagforeiningsfrådraget, som Stoltenberg foreslo, men kuttar det heller ikkje, slik fagrørsla frykta på førehand.

Det raudgrøne forslaget om å auke elavgifta droppar dei òg. Det sparer eit gjennomsnittshushald 250 kroner på.

LES OGSÅ:Så mykje meir vil regjeringa bruka på veg og bane

Malurt i festbegeret
Budsjettforslaget har òg ein del verknader som ikkje nødvendigvis kan målast i kroner og øre – og som vil opplevast ulikt frå person til person og frå familie til familie. For eksempel kuttar regjeringa fedrekvoten frå 14 til 10 veker – som nokon kan oppleve som ei innskrenking av rettane til far, men som andre tar betre imot ved at dei får større fridom og fleksibilitet for familien.

Men smaken av malurt trer nok tydelegare fram når permisjonstida er over. Regjeringa vrakar nemleg framlegget til Stoltenberg-regjeringa om to årlege barnehageopptak, samtidig som prisnivået skal vere som i dag. Regjeringa reknar med å måtte auke utgiftsposten «kontantstøtte» med 50 millionar kroner meir enn det Stoltenberg la opp til.

Solberg-regjeringa spreier òg nokre hundre millionar kroner på sektorar ho ser som særleg viktige, og som kan få ein direkte konsekvens for deg, til dømes når du treng helse- og omsorgstenester. Jensen lovde både kortare køar og mindre venting på behandling ved sjukehusa da ho gjorde greie for endringsforslaga fredag.

NRK-lisensen blir òg auka neste år, men «berre» med 45 kroner, ikkje 60, slik den raudgrøne regjeringa foreslo. (©NPK)

Les meir om statsbudsjettet her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.47

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE