Vil gi dei blåblå ny sjanse

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det meiner Redd Barna sin ungdomsorganisasjon, PRESS. Fredag ettermiddag demonstrerer organisasjonar over heile landet mot dei borgarlege si løysing for asylbarn.

Eingongsløysing
Etter valet lova Krf, Venstre, Høgre og Frp at dei vil legge større vekt på omsynet til barnet i asylsaker. Samarbeidsavtalen mellom partia inneber mellom anna ei eingongsløysing, der lengeverande barn og deira familiar får bli i landet. Men avtalen gjeld langt frå alle.

LES OGSÅ: No smiler Halat

Mellom anna må barnet komme frå land Noreg har returavtale med, og asylsøknaden må vere registrert før returavtalen trådde i kraft. I tillegg må barna og familiane deira ha søkt asyl for meir enn tre år sidan, og foreldra må som hovudregel ha medverka til å avklare sin identitet.

Les heile avtalen her.

– Ei dårleg løysing
PRESS er ein av fleire organisasjonar som er skuffa over grensa som vert dregen mellom barn frå land med og utan returavtale.

– Å gje opphald på grunnlag av returavtalar og ikkje barnet sitt beste er ei dårleg løysing. Det vil seie at berre kring 150 av dei kring 750 lengeverande barna som søker asyl i Noreg får bli. Og det er berre med utgangspunkt i kravet om returavtale. Dersom ein reknar med dei andre atterhalda vert talet mykje lågare, seier Andrea Sjøvoll, som er leiar i PRESS.

Ifølgje Norsk Organisasjon for Asylsøkere (NOAS) vil under 170 barn og deira familiar få saka si vurdert på ny med avtalen. Barn frå mellom anna Iran og Somalia fell utanfor. Det same kan gjelde palestinske barn frå Gaza, ettersom det ikkje er klart kva status dei har.

Kravet om at asylsøknaden må vere registrert før returavtalen trådde i kraft, gjer at også barn frå Afghanistan, Russland og Irak kan falle utanfor, sjølv om dei har budd i Noreg i meir enn tre år, ifølgje NOAS.

LES OGSÅ: Krev betre vilkår for asylborna

I tillegg meiner PRESS at amnesti ikkje er ei varig løysing.

– Å gi amnesti kvart sjuande til tiande år er ikkje ei varig løysing på denne problematikken. Ein må gje amnesti no, og følgje det opp med lovendringar som slår fast at barnets beste og tilknyting til riket er det grunnleggjande omsynet, som alltid skal trumfe innvandringsregularande omsyn, seier Sjøvoll. 

LES OGSÅ: Asylbarna med alvorleg melding

Landsdekkjande demonstrasjon
Fredag ettermiddag vil PRESS syne skuffelsen over avtalen, men også håpet om at det ikkje er for seint å finne ei god løysing.

– No har vi fått ny regjering, og det gir moglegheiter for å finne nye løysingar for lengeverande asylsøkande barn. At regjeringa har prøvd å skape ei løysing syner at vilja er der. Diverre er forslaget for dårleg, og vi håper regjeringa prøver igjen, seier Sjøvoll.

Demonstrasjonane vil gå føre seg fredag og laurdag i fleire byar, deriblant Oslo, Hamar, Harstad, Bergen og Tromsø.

LES OGSÅ: – Ikkje alle er like heldige som meg

Faktaboks

Samarbeidsavtalen om asylbarn:

«Engangsløsningen gjelder de som ikke har en tillatelse, ved at de har fått et endelig avslag, og de som ikke har en ferdigbehandlet sak på en gitt dato. Engangsløsningen gjelder barn og deres familie (foreldre og enslige søsken under 18 år som oppholder seg sammen med barnet) hvor det er mer enn tre år siden søknad om asyl. Forutsetningen er at foreldrene som hovedregel medvirker tiI å avklare sin identitet. De må komme fra land med returavtale og søknaden må være registrert før returavtalen trådte i kraft.»

Avtalen er førebels ikkje lovfesta.